Sølvi Heimestøl, Janett Lillås Mathiassen, Monica Brekke Førland og Anita Weltzien Dalaker håper at foreldregruppa kan hjelpe foreldre i kvardagen. 
Foto: Ingvild R. Myklebust
Sølvi Heimestøl, Janett Lillås Mathiassen, Monica Brekke Førland og Anita Weltzien Dalaker håper at foreldregruppa kan hjelpe foreldre i kvardagen.

Løype for absolutt alle

Prosjektet «turløype Bongsatjørna» er komplett oppgradert. Lys og utbetringar gjer at alle nå kan nytte seg av tilbodet, døgnet rundt.

Sist veke kom det endeleg lys, noko svært mange har etterlyst. Eit par utbetringar har også løfta løypetraseen på omlag 1500 meter.
– Det var kjekt å sjå at lysa blei tent. Dette har vore eit sterkt ønskje heilt sidan løypa var ny. Nå kan ein nytte seg av tilbodet døgnet rundt. Og det er kjekt å sjå kor mange som er her kvar einaste dag. Det er folk både frå Sveio i nord til langt utpå Karmøy i sør. Eg trur me nå har fått til ein trasé som mange vil ha mykje glede av, seier idrettskonsulent Geir Stakkestad.
For alle
Han er invitert til ei uformell gjenopning av turløypa av representantar frå LHL Tysvær og Vepro. Dei er også svært glade for at kommunen nå har gjort løypa endå meir tilgjengeleg. Så nå vil dei aksjonere. Positivt altså…
– Ja, me er så godt nøgde med arbeidet som er gjort her og registrerer som Geir at her er det mykje folk kvar einaste dag. Våre medlemmer i Tysvær er blant dei ivrige brukarane, men dei har eit problem. Når ein har lunge og hjarte problem så treng ein å kunne ta seg ein kort kvilepause når ein er ute og trenar. Difor har me nå starta «aksjon benker». Målet er å få ein benk per 100 til 150 meter. Desse kan ein ta seg ein femminuttar på, eller berre sitte og nyte livet, seier Tove Høgemark i LHL.

Les heile saka i papirutgåva.