Victor Sandberg skåra åtte mål mot Kolstad. Det var akkurat nok. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Victor Sandberg skåra åtte mål mot Kolstad. Det var akkurat nok. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ustoppelege heime i Tysvær

HHK nektar å la seg slå på heimebane. Topplaget Kolstad blei sendt heim til Trøndelag med 26-27-tap. – Utruleg herleg å vinne slike kampar, seier Jostein Epland.

Det var eit tempo og eit spel ein toppkamp verdig då HHK tilslutt sikra seg sigeren over gjestane. I ein kamp me høgt tempo,gode ferdigheiter og dramatikk til siste sekund var det altså heimelaget som kunne juble.
– Me hadde ikkje ein einaste dårleg periode i løpet av heile kampen. Sjølv med ein mann indre på bana gjorde me det som me skulle. dei lede litt heile vegen, men me veit at om me har kontakt når det nærmar seg slutten, er det ingen som slår oss. Dette var årsbeste, sa ein av heimelagets beste stordabuen Jostein Epland.
Og trenaren var samd i Epland kampvurdering.
– Dette var topp handball og spel som me også kunne hadde komme langt også i eliten. Dette var kvalitetsmessig det beste me har levert. Alle tok tak og då er me ikkje gode å ta heime, sa Kristoffer Froestad.
Ein svært skuffa gjeng trønderar måtte berre innsjå at det var dei sjølv om rota det heile vekk. Dei hadde sine sjansar og me tre aktuelle a-landslagsspelarar i troppen, fekk dei smerteleg erfare korleis det er å komme til Tysvær.
– Ingen slår oss her. Når me speler slik som i dag, er me eit topplag. Nå er det rett heim og sjekke dei andre kampane, sa toppskårar Victor Sandberg.

Meir om toppstriden i 1. divisjon i papiravisa på torsdag.