Me er ikkje med på alt

Å lese om økonomien til vår storebror i vest, Haugesund, er som oftast med sjokk og vantru. År etter år blir det lagt fram raude tal, kutt, sorg og desperasjon.

I år, minst like galt som tidlegare.
Det vil komme kutt, innsparingar og utsettingar av allereie omtalte prosjekt. Politikarane har allereie varsla at dei er meir eller mindre frivillig med på alt det rådmannen og hans stab kjem opp med.
Ein skal ikkje dra fram kommunesamanslåingskortet her, sjølv om det sjølvsagt er freistande. Men det er meir freistande å spørje om me er villige til å vere med på dette økonomiske kaoset, som ein del av ein storkommune med sentrum i nettopp Haugesund?
Svaret er eit stort nei og eit lite ja.
Nei, fordi Tysvær kommune i mange år har satsa friskt. Av og til utan heilt kontroll, men har likevel vist evne til å hente seg inn igjen – før det har blitt for galt. Ein har hatt politisk vågemot både til å seie ja og nei når freistinga har vore der. Ein har sett tæring etter næring, noko som gjer at når det først har blitt for dyrt å drive AS-Tysvær, så har kutt og reduksjonar vore gjennomførbare og innan rimelegheitas grense.
For det handlar om å ikkje vere med på alt. Når ein må gjere kutt i drifta av skule, barnehagar og offentlege tenester, er dette enten eit varsko om for «godt» tilbod, for dyrt tilbod, eller ei stasing som må kunne justerast. Det er ikkje kjekt, men nødvendig. Og me er i slike prosessar prisgitt at både administrasjon og politikarar har gjort ein grundig og ærleg jobb.
Tysvær må i åra som kjem, planlegge med eit stadig større press utanfrå. Det gjeld når ein vil etablere nye bustadområde, men også på næring og offentlege tenester. Det gjer arbeidet ekstra vanskeleg, og samstundes langt meir frustrerande enn når ein bestemmer alt sjølv.
I åra som kjem vil ein forhåpentlegvis sjå politisk styrke og dømmekraft i vår kommune.
Så kvifor i det heile tatt ha med eit lite ja til Haugesund?
Det er heva over tvil at fleire tenester heilt klart vil bli styrka av eit meir formelt samarbeid. Det har me allereie fleire gode døme på. Å samarbeide om bustadpolitikk, utdanning, infrastruktur og næring har langt fleire pluss enn minus. Men det krev opne kort både frå storebror og litlebror, for å seie det slik.
Om Haugesund akkurat nå har det rette fokuset utover sin eigne grense, tvilar eg sterkt på.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør