Godt humør og store smil i dagane før stansen på Kårstø-anlegget. Frå venstre Håkon Falnes, Aibel, Leif Erik Bystrøm, prosjektleiar og Hans Tore Stensen, driftsjef.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Godt humør og store smil i dagane før stansen på Kårstø-anlegget. Frå venstre Håkon Falnes, Aibel, Leif Erik Bystrøm, prosjektleiar og Hans Tore Stensen, driftsjef.

Tar sats med nye idear

Eit trimløp i Aksdal og ein ny runde med Steinsvik Group-rittet på sykkel. Det er bare å gå i gang med treninga.

Det var mange som blei svært glade i sykkelløpet til og frå idrettsanlegget på Troppene i fjor. Så glade at dei blei litt triste då Hårfagrerittet presenterte sin nye trasé tidlegare i vinter.
– Nå kan me informere alle om at det blir ei ny sykkelhelg på Troppene den 16. og 17. august, med hovudrittet på laurdagen og barneritt om sundagen. Arrangør blir Falkeid IL med hjelp frå Bokn IL, seier Håkon André Waage, som nå har trekt seg ut av «Hårfagrerittet», og stiller med topp motivasjon for å halde liv i fjorårets suksessritt.
– Me er med vidare, og den responsen me fekk etter fjorårets ritt, både internt, men også ute, gjer at Steinsvik Group satsar vidare. Dette er eit reit Tysvær-arrangement og det passar godt inn i vår profil. Det skal både skape blest om verksemda og motivere dei tilsette til å trene. Så me ser fram til 16. august, seier Bjørnar Apeland.
1000?
– I fjor var det over 1000 påmeldte til rittet. Det håpar Waage å kopiere.
– Dette skal vere like proft som i fjor, og me skal bruke mykje tid og krefter på å få syklistane til å ha dette rittet i august, som eit mål. Me skal også kople sykkelrittet opp mot eit nytt trimløp i Aksdal som går ein god månad seinare. Meny Aksdal-løpet og Steinsvik Group-rittet vil også ha ein konkurranse kor ein slår tidene frå begge desse saman, og ein får ein samanlagt vinnar. Det trur me passar for svært mange av dei som trenar på Haugalandet, smilar sykkelentusiasten frå Falkeid.

Les meir i papirutgåva