Førre musikkorps og dirigent Jakob Birk var berre eit halvt poeng frå sigeren i den gjævaste klassen under Rogalandsmeisterskapen for musikkorps. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Førre musikkorps og dirigent Jakob Birk var berre eit halvt poeng frå sigeren i den gjævaste klassen under Rogalandsmeisterskapen for musikkorps. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kampen om poenga

Tysvær står framleis fram som ein sterk korpskommune. Og bak Førre Musikkorps kjem det opp stadig fleire musikantar.

For det er framleis gjengen frå Førre, med utrettelege Jakob Birk i dirigentrolla som viser veg og kva nivå som må til for å matche dei beste i Rogaland. Men bak spirar og gror det. Grinde stilte mannsterke og gjorde ein god figur på scenen i det nye kulturhuset i Stavanger, Juniorkorpset til Førre fekk både stor applaus og gode tilbakemeldingar. Heime blir det gjort godt rekruttarbeid både i Frakkagjerd skolekorps og Førland skulekorps.
– Det ser på mange måtar bra ut og god rekruttering er heilt avgjerande om ein skal kunne halde oppe det høge nivået som er i 1. divisjon. Kvart år må me skifte ut nokre av dei eldste musikantane og då er tilveksten heilt avgjerande for alle korps, seier Jakob Birk etter nok ein korpskonkurranse.
– Spente
Grinde skulekorps spelte i 4. divisjon og kjempa mot heile 15 andre skulekorps. Mellom dei mange frå nordfylket. Dei spelte «The golden west» og «La storia». Frå tilhøyrarplass ei solid gjennomføring under leiinga av deira nye spanske dirigent Mario A. Cerna.
Og etterpå var det berre store smil å sjå.
– Dette var heilt topp. Me spelte bra og det blei litt ekstra spesielt når det er så mange i salen. For oss som spelar slagverk er det ekstra kjekt med ein spansk dirigent. Blir meir heftige rytmar då, smilte Ingmar Haraldseid Søvik og Lars Morten Ø. Rossebø.

Les heile saka i papirutgåva