Victor Sandberg sveva høgt over golvet i Sysco Arena og satte Viking under stort press. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Victor Sandberg sveva høgt over golvet i Sysco Arena og satte Viking under stort press. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ein skikkeleg festaften

Haugaland Handball må spele i 1. divisjon også neste år. 800 tilskodarar fekk likevel sjå ein avslutningskamp for historiebøkene. At det endte uavgjort 34-34 var heilt greitt. Viking skal spele kvalifisering for eliteserien.

– Det er slik handballkampar skal vere og stemninga her i Tysvær var heilt fantastisk. Me måtte ha eit poeng for å sikre oss kvalifiseringskampar og det klarte me så vidt det var. HHK kjørte oss skikkeleg og for mange gjorde for mykje feil på ein gong, til at me kunne dominere denne kampen. To gode lag, ein god kamp og eit strålande publikum. Slik kan ein summere opp dette, sa tidlegare landslagsspeler Kjetil Strand.
Han skåra åtte av gjestane sine mål.
Fest
Ein av heimelagets beste var Omar Asmi.Fire mål og utretteleg kjeming på streken ga resultater.
– Det var ein tøff kamp og det er litt trist at me roter bort sigeren heilt mot slutten. Men for all del. Me spelte bra mor eit av beste laga i serien denne sesongen. Nå må laget få sette seg og me kjem endå sterkare tilbake neste sesong, seier Asmi.
Med HHK tre-fire mål foran nesten heile andre omgang og me ein vanvittig stemning på tribunen var det rett og slett ein handballfest som runda av denne sesongen. Og HHK tapte ikkje heime etter jul.
– Me avsluttar med ein fest og det er dette folk vil snakke om på jobb i morgon. Ny god kamp, spanande sluttminuttar og ei rekkje med gode prestasjonar. Sånn vil me ha det heile sesongen neste år. Då er me heilt i toppen, smilar trenar Kristoffer Froestad som fekk følgande skussmål av mediterte Strand.
HHK har ein svært god trenar og når desse spelarane blir meir samkjørte er dei heilt klart eit lag for eliten, sa den hardskytande Viking-spelaren.

Faktaboks

HHK 34(19)
Viking 34 (18)
1. div. menn
Sysco Arena
Mål HHK:
Mathias Meltzner 9
Victor Sandberg 6
Ian Seistrup 6
Jostein Epland 5
Omar Asmi 4
Jacob W. Larsen 4

Toppskårar Viking: Gørand Søgård 9
Tilskodarar: 800