Inspirasjonsdag med årsmøte

Søndagsskulearbeidet står sterkt i regionen vår. Mange leiarar og hjelpeleiarar er aktive og mange barn og foreldre kjem til dei nær 80 søndagsskulane i Sunnhordland og på Haugalandet.

Laurdag 15.mars var om lag 55 av leiarane og fleire hjelpeleiarar i søndagsskulane samla til Inspirasjonsdag med årsmøte i Haugesund.

Målet med eit rikhaldig og variert program ein slik dag er at det skal vere matnyttig og inspirerande for søndagsskuleleiarane. Dagen starta med bibel, song og nattverd leia av Gjermund Lygre, forsette med temadel om «barn og tru» v/ Elisabeth Fauskanger før me tok lunsj. Vidare fortsette programmet med flanellograf og papir-brette kurs. Kurshaldar Lars Skjæveland, til dagleg barnearbeidar i NLM i Stavanger, inspirerte og gjorde det klart for alle at flanellografen er eit godt verkemiddel på søndagsskulen.

Dagen vert avslutta med årsmøte i søndagsskolekrinsen der avtroppande krinsleiar Brynhild Meyer Stautland ønska velkomen til årsmøte. Mens dei vaksne leiarane hadde årsmøte, hadde hjelpeleiarane eige kurs-opplegg der bl.a. flanellograffigurar laga dei flottaste bilete frå ulike bibelforteljingar.

I søndagsskulekrinsen driv me eit aktivt og variert arbeid, og i årsmeldinga kom dette fram. Krinsen har bl.a. inspirasjonssamlingar for leiarar, hjelpeleiarkurs, radiosøndagsskule, søndagsskulebesøk, leirar, nettside og meldingsblad. I 2013 blei det meldt inn 6 nye søndagsskular. Rekneskapet viste overskot, og eit nytt budsjett blei og vedteke.

Ny krinsleiar valt på årsmøtet er Else Gurine Stople frå Skjold.
På spørsmål om kvifor ho er med i søndagsskulearbeidet svarer Else Gurine «Eg er med fordi eg syns arbeidet med å formidle bibelfortellingane til ungane er veldig viktig. Å få vera med å gi «Jesus til barna» er stort og det er inspirerande å sjå forventningsfulle ungar som kjem gong etter gong» Else Gurine har vore fast representant i kretsstyret i fleire år, og seier om dette vervet at det har vore «lærerikt, spennande og interessant».

Elles består det nye krinsstyret i SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins av:
Krinsleiar, Jorunn Svendsen, Øyvind Halvorsen og Roald Alsaker frå Karmøy, Grethe Grimsbø og Solveig Gjøvåg frå Stord, Ståle Sakseide frå Bømlo, Gunnbjørg Nesbu frå Skjold, Greta S Elverhaug og Jorunn Baustad frå Tysvær.

Ref
Elisabeth Fauskanger
søndagsskolekonsulent