Hilberg Nemeth (t.h.) var ein av banens beste då han og Skjold vann  4-1 over Sondre Voll og Falkeid. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Hilberg Nemeth (t.h.) var ein av banens beste då han og Skjold vann 4-1 over Sondre Voll og Falkeid. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold vann 4-1 over Falkeid

Både Skjold og Falkeid er i god rute til seriestarten neste helg. Skjold var mest effektive foran mål og vann fortent 4-1 i kveld.

Det blei ein tøff start på kampen for heimelaget då Skjold tok leiinga ved Hilberg Nemeth allereie etter fem minuttar. Etter den kalddusjen var det Falkeid som skapte mest, men fekk ikkje ballen i mål.
– Me spelte ein svært god førsteomgang, men var ikkje effektive nok. Sjølve banespelet er eg godt nøgd med, seier trenar Frode Hundsnes.
Om vertane var uheldige foran mål, var gjestane frå Grinde langt meir effektive. Like etter pause dobla Morten Bådsvik leiinga. Brian Risanger punkterte det litle som var av spenning då han auke til 3-0, før heimelaget gjorde sjølvmål 12 minutt før slutt. Trenar Hundsnes skåra kampens siste mål på eit langskott like før slutt.
– Ein svært god kamp med to spelesugne lag på banen. Begge ville spele fotball og tidvis var det høg kvalitet på det me såg. Men mot slutten var det ein skilnad. Då fekk me igjen for all treninga vår. 4-1 er heilt greitt og nå ventar Vedavåg på måndag før serien tar til borte mot Madla neste helg. Det blir nok tøffare enn dette, seier Skjold-trenar Helge Risanger.
Gamle kjente
Ein som kjenner godt til både Skjold og Falkeid er Rune Lindanger.
– Det var kjekt å spele mot gamle lagkameratar og det er ekstra kjekt at det var mykje bra spel. Eg meiner også at me hadde mykje å bidra med i dei første 45 minuttane. Då gjekk det raskt frå mann til mann og me skapte ein del sjansar. Dei var meir effektive og det får vere greit nok. Kjekt var det, sjølv om eg sleit litt med å hugse kven eg skulle rope på, smilar Rune Lindanger, nå Falkeid-spelar.

Faktaboks

Falkeid 1 (0)
Skjold 4 (1)
Treningskamp
Troppene
0-1 Hilberg Nemeth (5)
0-2 Morten Bådsvik (52)
0-3 Brian Risanger (73)
0-4 Sjølvmål (78)
1-4 Frode Hundsnes (90)
Domar: Petter Mortveit, Skjold IL
Tilskodarar: 50

Falkeid:
Daniel Edvard Gjerde
Geir Wegge
Sondre Voll
Jan Kåre Frøyland
Kjetil Bjørkheim
Kjell Andreas Lindgren
Frode Hundsnes
Rune Lindanger
Jan Egil Kallekodt
Joar Øvrebø
Kenneth Kristiansen
Innbyttarar: Espen og Stian Knutsen og Espen Sørenes

Skjold:
Eivind T. Rullestad
Magnus Samuelsen
Oddbjørn Halvorsen
Jonas Risanger
Mats Steinsland
Sander Hettervik
John Hettervik
Morten Bådsvik
Brian Risanger
Aleksander Gundersen
Hilberg Nemeth
Innbytterar: Vegard Steinsland, Bjørnar Hompland, Daniel Aarås, Torgrim Nonslid, Knut E. Kringeland