Ole Paus kjem til Midtsommarfesten. Ikkje som toppkonsert, men til storstova i Tysværtunet.
Foto: Nina Djærff
Ole Paus kjem til Midtsommarfesten. Ikkje som toppkonsert, men til storstova i Tysværtunet.

Heilt topp med Paus

Ole Paus opnar årets Midtsommarfest. Ikkje på toppen av Alvanuten, men i kulturhuset.

Det blir som tidlegare annonsert ingen toppkonsert denne sommaren i Aksdal. Men det kan bli toppkonsert for det. Ole Paus er ein gammal kjenning for konsertpublikummet og fekk ein solid opptur etter fjernsynsprogrammet «Hver gang vi møtes».
– Ein konsert med Ole Paus er i tillegg til eit gjenhøyr med dei kjente og kjære songane også ei salig blanding av poesi, satire og stand up. Etter over 30 år på vegen har han mangt å melde frå scena, seier Johnny Liadal.
I ei pressemelding blir det lova eit gjenhøyr med det meste Paus har servert dei siste åra.
Og lista er lang: «I en sofa fra Ikea», «Jeg er ikke redd mer», «Vi over lever alt», «Nå kommer jeg og tar deg», «Ikke gjør som mora di sier», «Chilentina, Masjæn og Påsjen», «Den tøffeste gutten i himmelen», «Alt var mye bedre under krigen», «Stjerner i rennesteinen »og mange, mange fleire…
«Årets spellemann»

Les heile saka i papirutgåva.