Satsar i Aksdal

Zekiye Nyland frå Frakkagjerd har imponert både ekspertar og leikmenn med sitt enorme treningstalent. No tar den sterke jenta med seg talentet sitt til Tysvær vektarløftarklubb, og snart deltar ho i sitt første vektløftarstemne.

Av Mona Terjesen

Ho er blitt eit kjent fjes for dei fleste. Snart 24 år gamle Zekiye blei først kjent for det norske tv-publikummet då ho blei mamma til Aron som 17-åring og var med i programmet «Unge mødre». Eit drygt år seinare var ho med på «Charterfeber» saman med nokre venninner. Sidan det har ho dukka opp i reklamar og kortfilm, og no er det treninga ho får mest merksemd for.
– Eg har alltid trena og hatt eit stort behov for å halde meg i aktivitet, fortel tysværjenta, som har vore innom alt frå fotball til kampsport og turn.
Då crossfiten kom til Haugalandet, blei Zekiye raskt ein slags frontfigur for treningsforma. Ho fekk rakst resultat, noko som blei lagt merke til. Når me møter henne på kafé i Haugesund måndag ettermiddag, er det ei tydeleg trena ung dame som møter oss.
– Eg har nok gode genar. Eg har låg fettprosent og må jobbe for å legge på meg. Eg et det eg vil – og eg et mykje, men så lenge eg er så aktiv, legg eg heller ikkje på meg, fortel 23-åringen.

Les meir i papirutgåva.