Espen Tørresdal og Stegaberg-forsvaret hadde god kontroll lenge, men slurvet tre ganger og det var nok til tap. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Tørresdal og Stegaberg-forsvaret hadde god kontroll lenge, men slurvet tre ganger og det var nok til tap. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fekk aldri tak på Ferkingstad

Stegaberg fekk ein grusom start på sesongen då dei i kveld aldri fann ut av gjestane frå Karmøy. Petter Lønning kom inn og skåra to mål, men det var fattig trøyst i 2-3-tapet.

Er me snille så hadde Ferkingstad fire sjansar og fekk tre mål. Stegaberg hadde ti-tolv og fekk berre to skåringar, begge av Nordsjø-arbeidar Lønning, som kom inn ein halvtime før slutt.
– Trist kamp, kjekt å skåre og eg er i betre form enn sist eg var heime, sa ein tydeleg skuffa Lønning etter kampen.
– Kva gjekk galt?
– Dei fekk alt for lette mål og me brukte for mykje tid med ballen og skapte lite. Me klarte å få eit prress mot slutten, me det var ikkje nok, seier måltjuven.
Slurv
Trenar Thormod Ness var også skuffa etter kampen.
– det er litt vanskeleg å seie kva som går galt. Me har ballen nesten heile tida, men skapar ikkje farlege nok sjansar. Bakover har me full kontroll, men gjer så eit par personlege feil og vips så har dei skåra tre mål. Det er ikkje bra nok. Det var også ein del som hang med hovudet når dei fekk måla og då blei det ein del som fall litt gjennom i andreomgang. Likevel klarte me å heve oss til ein spurt, men det vart berre nesten, seier Ness.
Bittert
Stegaberg var best i nesten alt. Dessverre ikkje i det viktigste. Nemleg å skåre og å hindre mål. Dermed må dei finne seg i ein grusom start på sesongen. Og neste torsdag ventar Falkeid på Troppene. det kan bli eit skikkeleg slag om Tysvær.

Andre resultat:
Torvastad – Vedavåg 2 4-1
Vats 94 – Haugaland 5-3
https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/

Faktaboks

Stegaberg 2 (0)
Ferkingstad 3 (1)
5. div. avd. 3
Frakkegjerd kunst
0-1 Åge Lund (30)
0-2 Kamil Piotr (57)
1-2 Petter Lønning (65)
1-3 Joachim Løvheim (73)
2-3 Petter Lønning (83)
Dommar: Sjur-Jarle Hauge, Djerv 1919
Tilskodarar: 35