Øyvind Eileraas har framleis mange og lange dagar igjen bak pulten sin på Førre skule. Men frå hausten av er han å finne i Skåredalen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Øyvind Eileraas har framleis mange og lange dagar igjen bak pulten sin på Førre skule. Men frå hausten av er han å finne i Skåredalen.

Det vanskelege valet

Det er ikkje lett å ta farvel når ein er leiar for ein skule kor samhald og godt arbeidsmiljø er skapt over mange år. Men Øyvind Eileraas tar sjansen.

1. august er han på plass i Skåredalen. 500 elevar og 1. – 10. klasse. Nye utfordringar og langt vekk frå trygge Førre skule. Men skulle Eileraas ta fatt på ein ny utfordring som skuleleiar var det nå. Nå eller aldri.
– Dette er ikkje lett, og det å seie at ein skal søke nye utfordringar er ikkje så enkelt som det kan høyrast ut. Eg er rektor på ein fantastisk skule kor samarbeidet med personalet, elevane og dei føresette har vore unikt. Saman har me utvikla skulen, og det resultatet me ser i dag kan me alle vere stolte av. Me kan sjølvsagt bli betre me og, men den plattforma me har bygd lag for lag, det er ein ressurs eg nå vil ta med meg vidare til Skåredalen. Så får min etterfølgjar her på Førre nytte seg av det samhaldet som er her, når han eller ho skal sette sitt preg på skulen i framtida, seier Eileraas.
Skulemann
Øyvind Eileraas byr på kaffi og er roleg i rektorstolen. Men det er tydeleg at prosessen han har vore gjennom sidan det blei kjent at han skulle slutte, ikkje berre har vore lett.
– Eg har tidlegare informert om at eg har søkt på ei stilling i Haugesund. Men då eg fekk jobben kom det litt raskt på at postlistene allereie var ute til offentlegheita. Difor kom det å informere administrasjonen, dei tilsette og dei føresette litt raskare enn eg hadde tenkt. Det var tøft å stå framfor dei tilsette på personalrommet å seie at nå er det slutt. Men som sagt eg trur dei fleste skjønar at det var nå, om eg skulle skifte jobb, seier Eileraas.
– Ein rektor blir litt meir enn berre ein rektor i ei bygd som Førre. Har du nokre tankar om det?
– Det er heilt rett. Me er ein slags institusjon eller grunnmur i bygda. Me leiger ut lokale til lag og foreiningar og me blir ein del av oppveksten til mange. Og ein synleg rektor vil då ha ei rolle i dette. Det har vore ein jobb eg har lært meg til å takle gjennom 28 år her på skulen. Då eg blei rektor etter Hartvig Waage var det mange viktige fagrelaterte saker som prega kvardagen. Etter kvart har eg lært at min jobb også er å beskytte og sile for dei tilsette. Saman har me klart det, sjølv om me dei siste åra også har hatt betydelege utskiftingar på personalsida.

Les heile saka i papirutgåva.