Kai Peder Birkeland ser lyst på framtida. Verksemda har allereie mange oppdrag klare for 2019. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Team Rynkeby – God Morgon Haugaland har trena i mange månadar fram mot sykkeltu-ren frå Oslo til Paris. I morgon går startskotet for den velgjerande sykkelturen.

Foreldre skuffa: 457 prosent dyrare SFO

Foreldre til fjerdeklassingar i Nedstrand, har til no betalt omlag 1400 kroner for 12 timar SFO i veka. No må dei betale 1600 kroner for tre timar. Dette er ei timeprisauke på 457 prosent!

Av Mona Terjesen
– Me fekk sjokk då me såg vedtaket til politikarane og tilbodet me no får. Me aner ikkje korleis me skal løyse dette. Ikkje har me råd til full SFO-plass, og dei andre tilboda fungerer ikkje med skuletida vår, seier Tove Pettersen, Helga Elin Aursland, Linda Gissberg og Anette Kvam. Dei har alle skuleungar i Nedstrand, og me møter dei på skulen tysdag morgon.
Lite fleksibelt
Som kjent har politikarane i Tysvær vedtatt å endre opningstidene og betalinga i SFO-ordninga frå hausten. Forslaget om endringa kom i rådmannen sitt budsjettforslag for 214, etter at rekneskapen for 2012 og 2013, viste eit underskot på to millionar kroner. Det nye tilbodet er redusert frå sju til tre valmoglegheiter for foreldra. Før kunne dei kjøpe ei miniblokk med tre valfrie timar til 405 kroner i månaden, 12 valfrie timar for 1407 kroner, 13-20 timar for 1969 kroner og meir enn 20 timar for 2532 kroner. Dei kunne også betale litt ekstra for alle tilboda utanom miniblokka – og då få SFO i 11 månadar, i staden for 10 (skuleåret).
Skal dei ha SFO i ferien nå, så må dei betale 2.500 kroner for det. I Nedstrand og Skjoldastraumen er det ikkje noko tilbod om sommaren og dei må til Grinde.
Dei tre opningstidene som foreldre i Tysvær no kan velje mellom – dei ti månadane skulen er ope, er frå 07.00 til skulestart for 900 kroner, frå skuleslutt til 14.30 for 1600 kroner og frå skuleslutt til 16.30 for 2300 kroner i månaden.

Les heile saka i papirutgåva