– Nå, kva synest du? Dette har blitt heilt perfekt og nå gleder me oss til båtsesongen tar til for fullt, gliser Hervik og viser korleis det første trinnet av båthamna har blitt.
Og han og hans etter kvart store medlemskare har grunn til å vere nøgde. Ikkje berre har dei fått ei lun hamn, det har også blitt skikkeleg fint. Heile området har fått eit løft og dei ambisiøse teikningane er sett ut i live.
– Me har selt omlag 40 plasser og har berre eit par igjen. Det er eit par som er litt på vent så me reknar med at alt ryk ut nå i første salsrunde. Og det er viktig for oss, for dette er eit reknestykke som er basert på at me sel ut plassane, seier Geir Bjørnar Hervik.
Vindtest
Anlegget har molo mot sør og har i tillegg til flytebrygga eit kaianlegg parallelt bygd i naturstein.
– Fint med andre ord, men korleis har hamna tatt i mot stormane frå sør i vinter?
– Ein kan trygt seie at me har fått vindtesta anlegget, og det har klart seg svært bra. Litt småjusteringar har me gjort, men totalt sett så har me klart å lage ei båthamn som taklar sønnavinden svært bra. Når det gjeld natursteinskaien var den svært viktig for oss, slik at det heile står fram som ei naturleg fin hamn. Nå har me også fått straum og vatn, slik at me har dei fasilitetane som trengs.
– Det er fleire planar her. Kor langt er dykk komme med dei?
– Me treng nok eit lite klubbhus, samt bodar til litt utstyr. Men det får komme litt etter kvart. Me har også fått godkjent ei lita brygge til, med plass til omlag 15 båtar. Me lagar flytebrygga sjølv, så om responsen blir stor i sommar, så kan me raskt utvide, seier Hervik.
Les heile saka i papirutgåva.