Kva tid ryk småskulane?

Ordførar Harald Stakkestad, leiar av levekårsutvalet Svein Terje Brekke, Ola S. Apeland (H), Karsten A. Larsen (FrP) og Emly Årvik (AP) er sett samen til ei prosjektgruppe som skal sjå nærare på kommunen si samla teneste for barn og unge.

Dei skal mellom anna finne ut korleis skulesektoren skal spare 17 millionar kroner dei neste fire åra.
Ein treng ikkje vere rakettforskar for å skjøne at då vil dagsorden rimeleg kjapt bli å finne ut korleis skulestrukturen skal vere dei neste åra. Kor skal ungane gå på skule, korleis skal skulekrinsane sjå ut og skal der byggast nytt og leggast ned gamalt.
Dette er utruleg spennande materie å jobbe med for ein lokalpolitikar. Her skal ein vise korleis ein samstundes med å måtte legge ned eit skuletilbod ein stad, skal kunne gi eit like godt og kanskje betre tilbod ein annan stad. I dei månadane som det nå skal jobbast med dette skal også listekabalane for neste kommuneval leggast. Kva desse fem kjem fram til vil garantert få noko å seie for korleis desse vallistene vil sjå ut.
Å legge ned ein skule for å spare pengar kan fort skape ein ny vektfordeling i kommunestyresalen ved neste val. Tør Høgre å forslå nedleggingar om ikkje FrP og Arbeidarpartiet er samde. Tør endeleg nokon av lokalpolitikarane å seie høgt det dei fleste allereie har forstått, at det neppe blir ny skule i Tysværvåg? Kva med raseringa av SFO-tilbodet me skriv om i dagens avis. Kjem nokon til å seie at dei ikkje skjøna konsekvensane av det skulesjefen la fram og snu, eller vil ein berre håpe at dette er storm i eit vassglas og at SFO-prisauken blir tatt imot med stor forståing av innbyggjarane i Tysvær.
Skulane i Tysvær står framfor store utfordringar i åra som kjem. Skuleleiarane er nøydt til å ha tillit både til skulesjefen og til lokalpolitikarane. Kor sterk den tilliten er i dag kan i beste fall karakteriserast som bob-bob. At ein etter mange stabile år nå ser ei rekkje med rektorskifte, kutt i stillingar og usikkerheit, er neppe noko som er kjekt å ta med seg inn i gruppearbeidet som ressursgruppa skal gjere. Det var ein gong ein politikar som sa til meg at det ikkje berre skal vere kjekt å vere politikar. Av og til må ein gjere upopulære val. Heilt rett sjølvsagt. Men det er stor skilnad på upopulære og feil val.
Når politikarane nå skal gå laus på skulestrukturen og tilbodet til barn og unge i Tysvær er det som å vandre i eit minefelt. Skilnaden mellom det som er upopulært og rett og det som er upopulært og feil vil vere svært tydeleg. Grunnen til det er mellom anna at Tysvær gjennom dei siste åra har fått eit langt sterkare og profesjonelt bygdenettverk. Det har aldri vore viktigare å lytte til kva bygdefolket har å seie, og aldri før har dei hatt så mykje å seie frå om.
Skule er langt meir enn ein læringsarena.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør