Småbil er både praktisk, billig i drift og litt vårmote på ein gong. Det meiner Svein Gunnar Riise og Ronny Gundersen hos Åkra Bil.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Småbil er både praktisk, billig i drift og litt vårmote på ein gong. Det meiner Svein Gunnar Riise og Ronny Gundersen hos Åkra Bil.

På date med Adam

Det skjer noko med bilfolket når det er vår i lufta. Mange vil ha ein liten og kjapp ein. Ein Adam.

Ein treng ikkje å stå lenge langs vegen før ein liten «bybil» fyk forbi. Alle merker og alle fargar er representert. Ein av årets største salssuksessar finn ein hos Ronny Gundersen i Opelbygget i Haugesund.
– Er bil mote?
– Ja, for all del. Men der er me haugalendingar litt trauste. På veggen her heng alle fargevariantane som bilane kan bestillast i, men det går mest i grått, svart og kvitt. Litt kjedeleg spør du meg, seier marknadsansvarleg Gundersen.
Åkra Bil har fleire småbilar i utstillinga og det er spesielt to modellar kundane spør etter. Den omtala Adam og ein litt større Mocca.
Det som er ein trend er at kundane vil ha små bensindrivne bilar som både er praktiske, økonomiske og stilige. Det har marknaden nå tatt konsekvensane av og alle har modellar i denne klassen. Det «galnaste» er at det nesten ikkje er muleg å sjå skilnad på merka lenger, smiler Gundersen.

Les meir i «Vårpuss».