Arne Rødder (t.h) og Jens Rasmussen er to av dei som kunne tenkt seg kommunal kloakk til Sagbakken.
Arne Rødder (t.h) og Jens Rasmussen er to av dei som kunne tenkt seg kommunal kloakk til Sagbakken.

Ønskjer fleire kvinner i politikken

Korleis få fleire kvinner interessert og engasjert i politikk? Dette har dei politiske partia i Tysvær slått seg saman for å finne svar på.

Av Mona Terjesen

Me møter dei ein sein måndagskveld i kommunehuset. Rundt bordet sitt Sissel Hansen Tysse og Siri Nymark frå Høgre, Emly Årvik og Lena Sørenes frå AP, Torunn Vestbø Gjerde frå Venstre, Kristine Aurdal frå KrF og Hilde Håland frå SP.
– I dag skal me ha eit arbeidsmøte. Me samarbeider tverrpolitisk for å få fleire kvinner med i politikken. I dag er 21 av 29 menn i kommunestyret i Tysvær – berre åtte er altså kvinner, dette kunne med fordel vore jamnare fordelt, meiner dei frammøtte.
– Me treng fleire damer, det er utruleg viktig for balansen sin del, seier dei.

Skikkeleg damekveld
Dei planlegg ein motivasjonskveld 1. september. Då skal dei invitere damer frå heile distriktet til «Damenes politiske aften». Ein kveld, antakeleg i Tysværtunet, der både lokalpolitikarar og stortingspolitikarar skal fortelje korleis det er å vere kvinne, kanskje også mor – og politikar på same tid. Ein rekrutteringskveld.
– Kvart parti inviterer ein representant som har nådd langt i politikken, som for eksempel sitt på Tinget. I tillegg tenkjer me at det kan vere fornuftig om nokre av oss fortel litt om vår politiske kvardag også, fortel Sissel.
Damene bruker arbeidsmøtet til å diskutere kva som skal stå på programmet på motivasjonskvelden. Kva er det som får damer til å opne augo for politikk?
– Me må passe oss for at det ikkje blir «gubbete», at me viser at det er fullt mogleg å vere kvinne og politikar samtidig. Me kan godt ha ein veldig damete profil på denne kvelden. Med stetteglass og kanapear, seier Siri.
Damene rundt bordet nikkar seg einige.
– Men så er det samtidig viktig at den politiske bodskapen kjem godt fram, legg Emly til.

Les heile saka i papirutgåva

Faktaboks

Kommunestyret i Tysvær:
1. Harald A. Stakkestad – Høgre, leder
2. Kristine Aurdal – KRF, nestleder
3. Ola S. Apeland – Høgre, medlem
4. Arvid Stokkenes – Høgre, medlem
5. Sissel Hansen Tysse – Høgre, medlem
6. Arvid Benes Bakken – Høgre, medlem
7. Arne Gjerde – Høgre, medlem
8. Frode H. Johnsen – Høgre, medlem
9. Tormod Førland – Høgre,medlem
10. Terje Knoff – Høgre, medlem
11. Svein Terje Brekke – KRF, medlem
12. Håvard Førland – KRF, medlem
13. Arne Kjell Askeland – KRF, medlem
14. Sigmund Lier – AP, medlem
15. Emly Årvik – AP, medlem
16. Anita Halsnes – AP, medlem
17. Synnøve Bårdsen Lindanger – AP, medlem
18. Per Molland – AP, medlem
19. Aud Irene Eikemo – AP, medlem
20. Frode Løland – AP, medlem
21. Karsten Arne Larsen – FRP, medlem
22. Lars Birger Baustad – FRP, medlem
23. Åsmund Sandvik – FRP, medlem
24. Kjell I. Bakken – FRP, medlem
25. Aasmund Austerheim – SP, medlem
26. Tone Åslaug Kringeland – SP, medlem
27. Sven Ivar Dybdal – SP, medlem
28. Torunn Vestbø Gjerde – Venstre, medlem
29. Leif Gunnar Søvik – Venstre, medlem