Bjørn Berge kjem rett frå konsertar i utlandet til Førland og Fjørsilkebris. Det er for første gong han spelar i Tysvær.
Foto: Morten Strøm
Bjørn Berge kjem rett frå konsertar i utlandet til Førland og Fjørsilkebris. Det er for første gong han spelar i Tysvær.

Bjørn Berge bankar på

Først ein liten Europa-turnè, så Fjørsilkebris. Bjørn Berge gir ein av få lokale konsertar på Førland.

Om ei veke får englar og kvite dukar lufte seg skikkeleg når Berge kjem til Førland. Rett frå konsertar i mellom anna i Austerrike legg han ein av få lokale konsertar til Tysvær denne våren. Og det er på høg tid. Den høgt akta og prisvinnande gitaristen frå Sveio har aldri tidlegare spelt offentleg i vår kommune.
– Nei, og det er ikkje bra. Eg kjenner mange tysværbuar som har vore på konsertane mine, men det har aldri passa å spele der før nå. Fjørsilkebris dukka opp som eit alternativ til storhallen og Tysværtunet og for meg er ikkje det eit problem at imaget mitt og deira ikkje er heilt likt. Det skal bli tøft, tett og ei musikalsk oppleving for dei som kjem, seier Berge.
Utlandet
Etter at Bjørn Berge og hans gitarar slo gjennom så har utlandet eigentleg vore heimlandet hans. Noreg er lite, Haugalandet det same.
– Det blir slik med det konseptet som eg har. Eg har ein stor katalog å spele frå og det er ikkje problem med variasjon frå konsert til konsert. Men likevel blir det trongt å berre spele heime. Så då muligheita for å turnere i utlandet opna seg greip eg sjansen, og det har eg aldri trega på. Det blir litt her og der, i mange land kan ein spele kvar einaste kveld for fulle hus. I Noreg er det meste knytt til helga eller til ein festival, seier sveibuen.
– Kva med nytt materiale. Har du noko på gang?
– Eg er i gang, men til nå er eg ikkje komme langt nok i prosessen til at det kjem noko frå scena. Det er ein prosess som går heile vegen og når ein reiser rundt får ein inspirasjon.
– I tillegg til Tysvær står det at du skal til Odda. Elles er det lite lokalt…
– Det stemmer. Som eg sa så er det eit så pass lite miljø her at ein fort «går igjen» om ein spelar for mange plassar på Haugalandet. Eg har heile tida vore svært bevisst på kor eg spelar, og både Tysvær og Odda passa perfekt denne gongen. Så får me sjå neste gong eg er på farten om det blir fleire lokale konsertar. Eg har eit publikum her også, det må eg ikkje gløyme, og fleire av dei har annonsert at dei kjem til Førland.
Seg sjølv
Bjørn Berge var på mange måtar ein sensasjon då han slo gjennom. Aleine på scena med sine gitarar, sitt heilt spesielle lokk med ein mikrofon under og ein stemme som satt som støypt til musikken. Det er ei gitarstemme som driv det heile i bluesrytmar som gjer noko med publikum.
– Nå er eg så heldig, eller uheldig, at eg ikkje veit meir om Fjørsilkebris enn at det er ein stad kor det har vore ein del konsertar dei siste åra. Eg har høyrt av andre som har spelt der at det er ein god stad å spele. Ein ting som eg har lært desse åra på vegen er at eg må tilpasse meg lokalet og publikum. Så ingen skal trenge å ta med seg øyreproppar, for å seie det slik. Eg ser for meg at eg spelar gjennom mykje av det eg har spelt inn desse åra, det blir med andre ord ein «greatest hits» kveld. Målet mitt er alltid å gi dei som kjem ei stor oppleving. Då er det det same om ein spelar på Førland eller om ein spelar på ein klubb eller scene i London, seier Berge.