Daniel Mikkelsen fekk det travelt mot Karmsund. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Daniel Mikkelsen fekk det travelt mot Karmsund. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Falkeid slit skikkeleg

Falkeid slit skikkeleg i motbakke om dagen. I kveld vann Karmsund fullt fortent 2-1. Og det kunne vore verre om ikkje Daniel Mikkelsen nok ein gong storspelte i mål.

– Dette var berre trist å sjå på. Karmsund var heilt klart best, spesielt i andreomgangen og berre godt keeperspel redda oss frå eit større tap. Me miste ballen for lett, får ikkje flyt i spelet og då blir det vanskeleg. Jan Egil Kallekodt tente eit håp då han utlikna like før pause, men det blei med håpet. Nå må me ta samling i botn, seier Narve Susort.
Keeper Mikkelsen fekk verkeleg kjørt seg i ein priode.
– Dei kom aleine mot han på 100 prosentsjansar, men har var nede og plukka dei. Ikkje ofte det har vore så lett å plukke ut ein banens beste.

Faktaboks

Falkeid 1 (1)
Karmsund 2 (1)
5. div. avd. 3
Troppene kunstgras
0-1 Kim Damien Belazara (32)
1-1 Jan Egil Kallekodt (44)
1-2 Hans Kr. Risanger (69)
Dommar: Kai Sigbjørn Hetland, Vard