Halvdan Sivertsen (t.h.) og Jan Eggum imponerte stort i Tysværtunet. Litt over 200 fekk med seg konserten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Halvdan Sivertsen (t.h.) og Jan Eggum imponerte stort i Tysværtunet. Litt over 200 fekk med seg konserten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Når sommerdagen ligg utover Tysvær

Jan Eggum og Halvdan Sivertsen – to visesongarar, to gitarar og 200 forventningsfulle frammøtte. Det var kjærligheit ved første akkord.

Dei hadde aldri vore i Tysvær før, men dei kom likevel heim. Allsangen kom allereie i den første songen og det bygde seg berre oppover og oppover. Ein halvannan time med det beste frå den populære duoen kunne ikkje ende feil. I alle fall ikkje når ekstranummera heier «Heksedans» og «Kjærlighetsvise».
Det er slike gyllne augeblikk me skulle hatt så mange fleire av av. Elitedivisjonen er framleis elitedivisjonen og innan norsk visesong er dette heilt garantert to av dei beste. dei gav og dei såg seg aldri tilbake. Sivertsen også med krasse kommentarar både til regjering og andre som er feige, entan i Dalei Lama saka eller i innvandringspolitikken.

Kjekt
Halvdan Sivertsen var strålande nøgd med kvelden.
– Det å komme ut å treffe folk som så tydeleg sett pris på det ein gjer er heilt fantastisk. Dette var ein god konsert og eg meiner at her er det plass til både latter og alvor. Eg er ein engasjert visesongar og det er kejkt når folk er positive til mine tankar, smilar Sivertsen.

Meir om konserten på våre KULTURLIV-sider neste torsdag.