Liten, kvit og kjapp. Porsche 996 og Arild Riise klar til sesongstart på Vålerbanen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Liten, kvit og kjapp. Porsche 996 og Arild Riise klar til sesongstart på Vålerbanen.

Satsar med Porsche

Arild Riise og Bjørn Tvedt er klare til sesongstart i racing GT3. Riise med ny Porsche, Tvedt med ny Seat.

Vålerbanen tar imot heile noregseliten denne helga og for Riise er kvar time på banen før løpa startar svært viktige.
– Det er det nok for alle sjåførane, for det er ikkje så mange sjansar ein har til å trene før sesongen tar til. Så under den opne treninga i morgon skal eg kjøre maksimalt av det eg får lov til. Det blir frykteleg spennande med ny bil og greier, seier Arild Riise.
Og greiene er ein Porsche 996 GT3-cup, ein kvit liten «kjappis» med omlag 400 hestekreftar.
– Dette er brutalt og ein stor skilnad frå Volvoen eg kjørte i fjor. Det er heilt vanvittig respons i bilen og det vil ta minst ein halv sesong før eg har kontroll over dette. Men då skal eg yppe meg mot dei beste, lovar Førland-buen som i år kjører i eige team. Teamkollega frå i fjor Bjørnar Apeland har lagt bilen ut for sal og skal reise utanlands om ikkje lenge.
– Han er nok med på eit par av dei sju løpa, men så reiser han. Då blir det meg og Bjørn som skal forsvare Tysvær sine fargar, seier Riise

Les meir i papirutgåva

Lyst å bli abonnent?

https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/