Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

Vellukka beredskapsdag

Det myldra av store og små i hamna ved Arquebus krigshistorisk museum på laurdag. Rundt 1500 besøkte årets beredskapsdag.

Av Mona Terjesen

– Sjå, det er Elias!
Alle ungane under åtte, hadde same reaksjonen då dei kom ned til kaien i Førre ved Arquebus på laurdag. Rundt 1500 store og små var innom beredskapsdagen 2014, eit årleg samarbeid som museet, politiet, sivilforsvaret og forsvarsforeininga står bak.
– Eg gler meg aller mest til å sjå Elias og få gå inni han, kunne Isak (3) frå Frakkagjerd fortelje oss på veg ned til hamna frå parkeringsplassen ved kyrkja.
Han hadde det veldig travelt med å dra mamma med seg ned bakken.
– Me skal sjå på Elias, istemte to likt kledde brør idet dei passerte oss. Like ivrige som Isak.

Les meir i papirutgåva.

Lyst til å bli abonnent:
https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/