Kenneth Mortveit sender Torvastad i føringa mot Vegard Bøe, Espen Tørresdal og Kristian Storesund. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kenneth Mortveit sender Torvastad i føringa mot Vegard Bøe, Espen Tørresdal og Kristian Storesund. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kjempa seg til eit poeng

Stegaberg spelte ein forferdeleg 1. omgang, men reiste seg og kjempa seg til eit poeng mot topplaget Torvastad. Dag Frode Tønnesen skåra heimelaget sitt mål.

Det var på mange måtar ein kamp mellom to gode lag, men Stegaberg sin prestasjon før pause bar preg av dårleg press og forferdeleg mange feilpasningar.
– 1. omgang var skikkeleg dårleg, men me fekk heldigvis rden på det etter pause. Da håde både eg og me sjansar nok til å vinne. Og målet mitt var me feil fot og det var slett ikkje noko reint treff, sa Dag Frode Tønnesen.
– Katastrofeomgang og det dårligaste me har levert i år. Heldigvis holdt Kristian (Storesund) oss inne med eit par praktredningar. I 2. omgang var me mykje meir med, men fekk dessverre berre eit mål. Men me slo tilbake etter å ha komme under og det er sterkt mot Torvastad, sa trenar Thormod Ness.

Viktig
I kveld var Kristian Storesund den store helten med fleire heilt avgjerande redningar. Han trur respekten for Kenneth Mortveit var for stor.
– Me visste han var ein god spiss og han skåra målet deiras, men me hadde for mykje fokus på han og lot kantspelarane få fritt fra. Heldigvis klarte me å omorganisere oss i tide, sa Stegaberg-keeperen som kjem frå nettopp Torvastad.
Sigbjørn Tysvær gjorde comeback på Stegaberg og spelte ein heilt ok kamp på midtbanen.

Meir om kampen og spelarbørs i avisa på torsdag..

Husk å tippe:
https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/
Lest denne?:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/29/stegaberg-dansar-vidare/

Faktaboks

Stegaberg 1 (0)
Torvastad 1 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
0-1 Kenneth Mortveit (32)
1-1 Dag Frode Tønnesen (78)
Dommar: Carl Gregor, Vard
Tilskoderar: 75