Sander Hettervik kom inn og skåra to ganger mot Skudenes. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Sander Hettervik kom inn og skåra to ganger mot Skudenes. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Knuste Skudenes 8-1

Skjold var gode og effektive, Skudenes berre dårlege. 8-1 sto det etter 90 minuttar i Grinde.

Gjestene frå Karmøy hang med i svingane i eit kvarter. Så skåra Skjold tre mål på tre minutt og kampen var i realiteten kjøyrt.
Vegard Steinsland, Hilberg Nemeth og Aleksander Gundersen sto for dei tre måla. Sondre Bådsvik auka til 4-0 til pause.
Like mange mål kom i andreomgang. Sander Hettervik kom inn etter 70 minutt og skåra to mål. Toppskårar Brian Risanger skåra nummer åtte og ni for sesongen.
– Det første var ferdigskåra då eg fekk ballen på to meter etter ein retur frå Skudeneskeeperen. Det andre var etter eit fint angrep av Daniel (Aarås) som gjekk forbi alle la inn til meg og trengte bare dempa ballen og sette den i mål, seier Hettervik.

Trenar Helge Risanger har sendt oss denne meldinga:
«Jevnspilt første 20, men nok en gang så viser vi vilje til å vinne duellene og andreballene og holder stram defensiv organisering, vi er effektive og gode i forsvar foran eget mål, og gode til å skape sjanser og lage mål, mange spillere som er spillesugne og alle 18 i troppen får spille. Skudenes var forholdsvis svake etterhvert, så det var ikke noen målestokk, men vi viste god lagmoral og kjørte på hele kampen»

Kampfakta og kommentarar kjem.

Husk å tippe:
https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/

Andre resultat frå 4. divisjon i kveld:
Buøy – Haugar 3-1
Etne – Nord 0-3
Hana – Djerv 1919 1-12

Faktaboks

Skjold 8 ( 4)
Skudenes 1 ( 0)
4. div. avd. 3
Grinde Idrettsplass
1-0 Vegard Steinsland (20)
2-0 Hilberg Nemeth (22)
3-0 Aleksander Gundersen (23)
4-0 Sondre Bådsvik (30)
5-0 Brian Risanger (64)
6-0 Brian Risanger (71)
7-0 Sander Hettervik (73)
8-0 Sander Hettervik (76)
8-1 Sten O. Eike (90)
Dommar: Warren Wade, Karmsund
Tilskuere 45