«Ja vi elsker…»

Gratulerer med 17. mai og grunnlovsjubileum alle lesarar av Tysvær Bygdeblad. Ein ny festdag er i ferd med å byggast opp, full av forventingar og med tettpakka program frå Nedstrand til Førre.

Me kan dette med å feire oss sjølve og etter å ha sett fleire grunnlovsprogram på fjernsynet det siste halve året, så har me verkeleg god grunn til å feire. Eg trur mange med meg har fått augo opp for kva den historiske hendinga på Eidsvoll i 1814 har å seie for norsk historie. Det er lett å vere stolt over kva ein fekk til og kva me har enda opp med. Det er også lett å sjå utover landets grenser å sjå kor ein ikkje har fått det til, eller kor stabilitet og ro stadig blir sett på prøve.
Me bur i eit godt land, i ein god kommune kor det å vekse opp er trygt og kor det å vere vaksen gir oss mange mulegheiter. Me omgir oss med all den luksus og velvære som tenkast kan. Sjølv når me har det som verst har me det betre enn dei aller fleste i verda. Av og til treng me å minnast på nettopp det.
Og vårens mange historiske program har vist oss at det slett ikkje har komme lett til for oss. Kanskje har me trudd at landet vårt har vore velutvikla og demokratisk i fleire hundre år. I alle fall virke det slik når me jamleg klagar og syt. Me er dessverre blitt eit folk av sytarar og det kler oss eigentleg dårleg. Kan hende vil årets nasjonaldagsfeiring vekke oss litt, få oss til å takke i staden for klage.
For når ein kikkar i kulissane i 17. maikomiteane så ser ein noko heilt anna enn sutringa. Der ser ein vaksne og ungar i gang med å legge til rette for den store festdagen. Og eg trur det er viktig å sjå denne iveren. Når slitte blikkboksar blir henta fram til ein ny hard dag på ein eller annan skule. Når flagg, bunadar og faner blir sjekka. Når ein høyrer skulekorpset marsjerande i bakkane, i intens øving på «Mellom bakkar og berg».
Det er kanskje i disse tider ein skal ta seg tid til ei feiring, tenke etter korleis ein eigentleg har det i litle Noreg, mellom nettopp bakkar og berg. Korleis har me enda opp som eit av verdas beste land å bu i?
Er det fordi me er oppdratt til å ta dei rette vala? Har det noko med å ha kjempa for det ein har kjært? Er det fordi me kan la være å sutre når noko anna blir kravd av oss?
Det kan virke slik. Difor kjem me i flokk å følgje til skulegarden, finpynta og stolt den 17. mai. Om kvelden samlast me «alle» på Lars Hertervigsplass i Aksdal for å synge det ut; «Ja, vi elsker dette landet».
Sjølvsagt gjer me det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør