Det har blitt nokre mil på naboane Svein Terje Brekke og Edvin Sørdal. Godt humør trengs i ein hektisk kvardag.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det har blitt nokre mil på naboane Svein Terje Brekke og Edvin Sørdal. Godt humør trengs i ein hektisk kvardag.

Kvar meter velkommen

Svein Terje Brekke og Edvin Sørdal gliser bredt når dei passerer vegarbeidet i Skjold. E 134 er eit mareritt for langtransportsjåførane. All utbetring er ein siger.

Denne veka var det gjennomslag på Vikaneset i Skjold. I Stordalen blir det jobba på spreng og i løpet av få år vil strekninga Haugesund – Kyrping få ei etterlengta oppgradering. Brekke kjører Haukeliekspressen, Sørdal trailer for Suldal Transport. I ein mannsalder har dei møtt dei utfordringane E 134 austover har å by på. Det er ikkje få.
– Det er verst om vinteren, heilt klart. Spesielt nå når trafikken har auka så kraftig og folk hastar til og frå fjellet. I tillegg er det ikkje å legge skjul på at me stadig hamnar opp i situasjonar kor utanlandske trailerar ikkje er skodd for norsk vinter. Me sit på nåler og må vere 100 prosent konsentrerte heile vegen, seier dei to.
Verre før
Sjølv om det nesten kvar einaste dag året rundt skjer noko langs denne sterkt trafikkerte strekninga meiner begge at det var verre før.
– Huff, ja. Tenk på Åkrafjorden og Rullestadjuvet. Det var eit mareritt året rundt. Ein visste ikkje kva som venta bak neste sving, vegbanen var slitt og tunellane låge og dårlege. Eg trur dei fleste som har kjørt tungtransport på denne strekninga kan fortelje skrekkhistorier om strekninga frå Ølen til Fjæra. Det var rett og slett ei påkjenning, seier Edvin Sørdal frå Sagbakken.
– Likevel var det meir respekt for kvarandre på den tida. Ein stoppa opp og gjorde det beste ut av det. Men det ligg ein del speglar og bilselar i grøfta på denne strekninga, seier Brekke.

Les heile saka i papirutgåva.