Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Lagar kakekunst i kjellaren

Mona Kaland mista guten sin i 2011. Ho fann trøyst i bakinga – og no driv ho eit av dei best suksessrike kakebedriftene i regionen.

Av Mona Terjesen

– Akkurat no lager eg pynt til konfirmasjonskaker, fortel Mona Kaland.
Me besøker dama bak suksessbedrifta «Kunstkakekjellaren» i Førre. I underetasjen av einebustaden har ho sitt arbeidsrom. Då me kjem på besøk sitt ho travelt opptatt med å male bunaden til ei kakepynt-jente for hand.
– Eg får tilsendt bilde av konfirmanten, så lager eg det så likt som mogleg. Det er mykje detaljar i bunadane så dei tar litt tid, fortel Mona og viser oss korleis ho med sirleg nøyaktigheit og stødig hand – får kakepynten til å sjå ut som kunst.
Det er travle tider for kakemakaren. Det er arbeidsrommet hennar eit tydeleg eksempel på. Kreativ og imponerande pynt står lina opp på arbeidsbenken. Eit flygel, fleire jenter i bunad, roser, sommarfuglar…
– Det er mange detaljer på konfirmantkakene. Ein ønskjer gjerne noko personleg som symboliserer den som blir konfirmert, forklarar Mona, som allereie no har nesten fullbooka heile konfirmasjonsperioden til neste år.
– Det gjeld å vere tidleg ute når ein skal bestille hos meg ja. Eg får stadig fleire telefonar – frå heile distriktet, og også andre byar, nikkar ho og smiler.

Heiltidsbakar
Kakesuksessen til Mona Kaland starta ikkje på nokon god måte. August 2011 opplevde ho alle foreldre sitt verste mareritt. Sonen Simen kom til verda – dødfødd. Kvifor den vesle guten ikkje fekk leve, har Mona og mannen Stian aldri fått svar på. Då Mona starta bedrifta si for 14 månadar sidan, blei Simen ein del av firmalogoen hennar. To englevingar symboliserer han.
– Det er ubeskriveleg vondt å miste eit barn. At me ikkje har fått svar på kva som gjekk galt, er veldig vanskeleg. Heldigvis hadde me eit fantastisk støtteapparat rundt oss på sjukehuset. Dei var heilt utrulege. Legar og jordmødrer – dei kom til og med i begravelsen, fortel Mona og fortsett;
– Me fekk råd på sjukehuset, å prøve å bli gravide igjen så fort som mogleg. Juli 2012 kom Sindre til verda. Då me skulle ha dåpen hans ville eg lage ei spesiell kake – og eg ville lage ho sjølv. Det blei starten på bakinga mi, fortel Mona.
Bakinga blei etter kvart ein måte å bearbeide følelsar på. Så viste det seg at ho hadde eit stort talent for det også. Mona er utdanna frisør, ho gjekk på teikning form og farge på vidaregåande, og har eit godt handlag. I tillegg er ho flink å teikne og male. Det kjem godt med som kakemakar.
– Eg jobba som frisør nokre år, så var eg innom eit par andre jobbar, før eg blei bussjåfør. Den jobben har eg no permisjon frå – fram til januar neste år. Eg ville prøve meg og sjå om eg berre kan drive med bakinga. Og heldigvis går det veldig bra, så det er godt mogleg eg fortsett med dette på heiltid. Det er utruleg godt å ha meir tid til ungane også. No kan eg tilpasse dagane mine meir etter deira kvardag. Det er godt.

Søkeprosess
På veggane heime hos Mona og Stian heng det bilde av blide barnefjes overalt. Eldstemann Sander blir åtte år til sommaren, Linea er fire, og minstemann Sindre blir to i juli. Kvar unge har fått sin farge, som er tema på romma deira og elles når dei for eksempel får bursdagskaker av mamma. Heile huset tyder på at det bur ungar og kjærleik her.
– Me trivst veldig godt her, men om ikkje lenge skal me bygge ut, det blir godt. Då blir stua større og underetasjen. Det betyr at eg får større arbeidsrom også, fortel Mona.
Og meir plass treng ho nok – for etterspurnaden er stor. Og trass i strukturerte arbeidsdagar, blir bestillingslistene og timane lange for Mona Kaland.
– Det er travelt, ingen tvil om det. Men det er veldig kjekt, og eg ser ikkje for meg at eg kjem til å utvide med tilsette, seier Førre-buen.
Då ho skulle starte opp så var det meir jobb enn ho ante. For å etablere bedrifta måtte ho gjennom ein søkerunde først. Mattilsynet måtte komme på inspeksjon, alt måtte byggast etter deira kriterier og til slutt godkjennast.
– Det er veldig mange som driv utan godkjenning og sel svart. Det kunne eg aldri gjort. Det er utruleg viktig for meg og ha orden på alt, og at alt eg bruker i kakene mine er godkjent i Noreg, fortel Mona og legg til at dei som jobbar svart naturleg nok øydelegg mykje for dei som er registrerte firma.
Det er synd at det er slik. Eg skulle ønskje dei såg kor galt det er, nikkar ho.

Heimelaga
Når Mona lager kaker så er alt frå botnen av. Alt er fersk – og ikkje minst; alt er unikt. Kundar kan enten kjøpe heile kaker, eller berre pynt, pasta eller bilde.
– Eg kan godt ta utgangspunkt i ei anna kake, men to skal aldri vere like. Det er viktig for meg at kundane får den kaka dei ønskjer, at ho blir personleg og slik dei ser for seg, fortel ho og viser oss korleis ho lager sukkepastaen sjølv, kva godkjente fargar ho bruker og kva utstyr som må til for å lage den lekre pynten. Bilde skriv ho ut på eteleg papir og mykje lager ho i former – som for eksempel ansikt. Elles lagar ho det meste av eigne hender. Kakebretta lager ho også. Då me er på besøk viser ho oss eit som ho har skjært ut i tre. Det er forma som ein dødningsskalle. Også pynten er dødsningshovud. Det meste i svart og kvitt.
– Dette skal bli ei bryllaupskake. Som du ser så ønskjer kundane mine mykje forskjellig. Og det er eg glad for, eg får stadig nye utfordringar og lærer heile tida. Det er eit spennande og givande yrke. Eit handverk. Og ikkje minst ein hobby, seier ho smilande.