Svein Terje Brekke, leiar i levekårsutvalet, foreslo førre møte å utsette saka som omhandlar bustadtilbodet til dei funksjonshemma. – Me må prioritere å dekke behova som er i dag, meiner han. 
Foto: Mona Terjesen
Svein Terje Brekke, leiar i levekårsutvalet, foreslo førre møte å utsette saka som omhandlar bustadtilbodet til dei funksjonshemma. – Me må prioritere å dekke behova som er i dag, meiner han.

Legg Hamrane 2 dødt?

Formannskapet godtek ikkje vidare jobbing med strukturgjennomgangen av butiltakstilbodet til funksjonshemma, før meir fakta er på bordet. – Legg me Hamrane 2 dødt? Spør levekårsleiar Svein Terje Brekke.

Av Mona Terjesen

Det som skulle vere ei orienteringssak blei ein lang diskusjon og enda med saksutsetting førre veke. Rådmann Arvid S. Vallestad ønskja eit vedtak av politikarane på seks punkt. Forslaget seier mellom anna at sparekravet skal stå, at dei seks butiltaka som kommunen har i dag, skal samlast i tre større tiltak (Hamrane, Fjellhaug og Stølsberg). Her skal dei 27 bebuarane (med heildøgnsbemanning) som er i dag inn. Det skal også vurderast løysingar for nye brukarar. Vidare seier forslaget at det må klargjerast korleis kommunen i framtida – ønskjer å møte nye behov, med fleire kommunale bustadar for funksjonshemma. Korleis omstillinga vil slå ut økonomisk, må dokumenterast. Det same gjeld kvaliteten. Midlane til å gjennomføre dette, må vurderast i den nye økonomiplanen for 2015-2018.
– Eg foreslår å utsette denne saka. Å samle seks einingar i tre på grunn av sparing er greitt. Men det er ikkje det som bør vere prioriteten vår no. Me må tenke på avlastinga til foreldre. Det blir ei opphoping av brukarar på plassane me har, presset på Hamrane aukar, og fleire som treng det får ikkje plass, sa Brekke.
– De meiner at me må holde sparekravet som er sett i budsjettet og økonomiplanen, men samtidig vil de at me skal møte nye behov, parerte rådmann Vallestad.
– Det er ikkje snak om nye behov. Me har visst om dei heile tida. Me skulle hatt fleire bustadar, slik er det. Det er 16 som står i kø, og foreldra blir slite ut. Dei får ikkje nytta avlastingstilbodet slik som dei har krav på. Korleis løyser me behovet for avlasting og bustadar? Det er det me må finne utav. Me må vere meir konkrete her, og me må få til ei felles løysing, utdjupa Brekke.

Les heile saka i papirutgåva