Daniel saman med stortingspolitikar Geir Toskedal (KrF). 
Foto: privat
Daniel saman med stortingspolitikar Geir Toskedal (KrF).

Samlast på Eidsvoll

200 år etter den første samlinga på Eidsvoll, blei 11 menneske med utviklingshemming samla frå landets 11 bispedømme førre månad. Daniel Østrem Gaupås frå Tysvær stilte frå Stavanger bispedømme.

Av Mona Terjesen

Det var Borg bispedømmeråd, i samarbeid med Kirkerådet og Eidsvoll kyrkje som inviterte til grunnlovsjubileet.
Meir bistand
Ein representant frå kvart bispedømme i landet, fekk altså komme på feiringa og snakke om noko som opptar dei. Kvar representant hadde med seg ein stortingsrepresentant frå sitt dømme. Daniel hadde med seg Geir Toskedal (KrF). Delegatene stilte spørsmål til barne- likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, direktør i Kyrkjas arbeidsgivar- og interesseorganisasjon Oddbjørn Sørmoen og seksjonsleiar for gudstenesteliv og kultur i Kyrkjerådet, Hans Arne Akerø. Daniel nytta høve til å framsnakke behovet mange utviklingshemma har for hjelp til å komme seg i kyrkja.
– Eg går i Simen-klubben og laurdagskafé i kyrkja. Der treff eg venner og høyrer om Jesus. Det er viktig. Mamma eller pappa må kjøre og følgje meg. Når eg får meg leilegheit, vil eg også gå i kyrkja. Om ingen kan køyre meg, så må eg slutte. Det vil eg ikkje. Nokre av vennene mine treng mykje hjelp. Det er urettferdig at dei ikkje får hjelp til å gå i kyrkja, sa han frå talarstolen.
Saman med to andre frå Rogaland, tok han opp problemstillinga med politikarane.
«Me meiner at menneske med utviklingshemning og nedsett funksjonsevne, som etter lova har rett til personlig bistand, skal få den nødvendige bistanden, slik at dei kan delta i trosopplæring og konfirmasjon, og muligheit til generell deltaking i sitt tros eller livssynssamfunn. Me meiner at det er viktig at kommunane ved helse- og omsorgstenestelova gir midlar til personlig bistand i forhold til deltaking i tros- og livssynssamfunn», sa dei som ei innleiing.

Les meir i papirutgåva