Når Tysvær først slo på stortromma og inviterte til fest så blei det skikkeleg moro. Ordførar Harald Stakkestad kaste seg ut i trivselsdansen, korpsa spelte og artistar sto i kø for å underhalde. I eit strålande vêr fekk ein satt eit verdig punktum på den store dagen.
– Dette er nesten betre enn me hadde lov håpe på. At det kom så mykje folk og at vêret blei så bra hadde me nesten ikkje våga å tru, seier kultursjef Ingvar Frøyland.
– Fantastisk å komme heim til Tysvær og få vere med på fest med så mange kjentfolk, seier Mia Malen Berg.
Meir i avisa på torsdag.