Dag Frode Tønnesen var kampens beste spelar og skåra begge heimelaget sine mål. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen var kampens beste spelar og skåra begge heimelaget sine mål. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Blei redda av storskåraren

Stegaberg var fra,eid tunge i beina etter sigeren mot Leirvik. Det kunne enda galt mot Vedavåg 2. Heldivis har dei Dag Frode Tønnesen.

Tønnesen sendte heimelaget i leiinga etter tre minuttar. Ein elegant lobb over Vedavåg-keeper Johan Nyland og det heile såg riktig så kjekt ut.
– Alltid kjekt å skåre slike mål. Ikkje alltid lobben går i mål, men når eg lukkast er det ekstra kjekt, seier Tønnesen.
– Kom leiinga litt for lett?
– Akkurat der og då tebkte eg nok tanken på at dette var grei skuring, men me blei vekka rimeleg raskt.
For berre fire minuttar etter Tønnesen-lobben la Oddvar Manne Snørteland inn frå høgresida. Eit innlegg Stegaberg-keeper Kristian Storesund både skulle og burde tatt. ballen gjekk rett i mål og laga var like langt.

Petter til Dagi
Etter ein snau halvtime kom Petter Lønning rundt på høgrekanten. Sist kamp la Dag Frode Tønnesen opp til tre av Lønning sine mål. Denne gongen var det motsatt. Lønning serverte og Tønnesen skåra. Det skulle vise seg å bli kampen siste skåring.
Etter det: Ein ball som «nesten» var inne, eit raudt kort, dusinvis av feilpasningar, trøytte bein og tre poeng til Stegaberg. Best på ein dårleg dag og med heng på toppen av 5. divisjon-tabellen.

Faktaboks

Stegaberg 2 (2)
Vedavåg 2 1 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Dag Frode Tønnesen (3)
1-1 Oddvar Snørteland (5)
2-1 Dag Frode Tønnesen (28)
Dommar: Carl Gregor, Vard
Tilskodarar: 40
Raudt kort: Håvard Einarsen, Vedavåg 2