Rusbustadar (del 2)

Så var det på an igjen. Nye rusbustadar skal plasserast i Tysvær og debatten går i diverse utval, og ikkje minst blant dei som nå skal få nye naboar.

Det er gjort feil og det er manglar i saksutgreiinga. Innspel frå dei nemnte naboane er ikkje komme fram og nå har ein gjort eit vedtak.
Det er sjølvsagt mange spørsmål som dukkar opp når ein får innsyn i saka, men eit krystalliserar seg ut.
– Kvifor har ein ikkje lært ein einaste ting frå den prosessen som var rundt brusbustadane på Frakkagjerd/Hamrane?
Lærte ein ingenting om kva naboar og innbyggjarane meinte den gongen og kan dra nytte av det når ein nå skal gi eit nytt tilbod.
Det kan virke som ein i ein del kontroversielle saker vel å «prøve seg» og håpe på det beste. Men når det gjeld ruspolitikk er det eit dårleg val. Ruspolitikk er og vil for alltid vere vanskeleg å jobbe med. Spesielt i lokalpolitikken kor val, tilbod og konsekvensar blir mykje tydlegare, enn i rikspolitikken.
Det er det klassiske dilemmaet. Klart me vil hjelpe, men ikkje her hos oss.
Det betyr at når naboane nå med full rett stiller spørsmål om plassering, er ikkje det fordi ein ikkje vil vere med på å byggje rusbustadar, men dei meiner det er politisk og administrativt for dårlig forarbeid som er gjort. Dei vil at ein skal sjå etter den beste tomta til formålet. I deira auge er ikkje det vegg i vegg med barnefamiliar.
Ein kan også spørje seg om ikkje det etterkvart burde komme betre retningslinjer frå sentral hald om korleis ein går fram i slike saker. Ein kan lett komme med eit utsegn om at Tysvær treng hjelp her, sjølv om det finst kapasitetar også i vår kommune, som heilt sikkert kan gjere ein god jobb innan rusomsorg. Men det blir så klønete kvar gong ein skal gjere noko større utav det.
For oss som sat i diverse utval og følgde utbygginga på Frakkagjerd så var det ein ting som slo oss og som me tok som eit sjølvfølgje den dagen bustadane sto ferdige. Neste gong vil ein gå mykje tydlegare ut og informere. At naboane til dei nå planlagde bustadane i eit lesarinnlegg i dag skriv at dei først las om dette i Tysvær Bygdeblad er sjokkerande opplysningar også for oss som presenterte saka for kort tid sidan.
Er dette lærdommen frå sist korsveg, så er me ikkje berre sjokkerte og overraska, men også litt skeptisk til om det er dei rette folka som sit i dei avgjerande posisjonane i rådhuset.
For rus er viktig, rus er ei utfordring og rus er eit felt som det skal komme politiske saker på i mange år framover.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør