Johan Eriksen Kringeland kjører i svart og oransje når han er i aksjon. 
Foto: Rune Eikeland/RM foto
Johan Eriksen Kringeland kjører i svart og oransje når han er i aksjon, saman med Kringelandtellus.

Travelt på travbanen

Johan Eriksen Kringeland er berre 19 år, men viser allereie godt igjen på resultatlistene. Travkusken blir spådd ei lysande karriere.

Tysdag var det som vanleg ny stor travdag på Forus med både V65 og V5. Bak fire hestar sat grindebuen med strame taumar og konsentrert blikk. I det niande og siste løpet var han til og med blant favorittane til siger med «Jegerinnen».
– Eg blei sperra og fekk løpet øydelagt. Det var litt bittert for hesten virka å vere sterk. Men slik er det. Ein kan aldri ta noko for sikkert i travsporten, seier Eriksen Kringeland, etter nye seks timar på travbanen.
Arveleg
Johan kjem frå travfamilien Eriksen. Faren Geir Arne har tydelegvis inspirert sonen.
– Eg spelte fotball og var vel sånn normalt glad i hestar og travsport. Men etter kvart blei eg interessert i resultata og kven som kjørte hestane. Så for godt og vel tre år sidan begynte eg med trav sjølv og det har berre blitt meir og meir. Nå jobbar eg på Stall Refsland på Varhaug, så det går i hest heile dagen, seier Johan.
Ein del av hestane han kjører er lokale hestar, men også avkom etter den kjende travaren Bork Odin.
– Målet er på sikt å få kjøre i dei store løpa. Til nå har eg vore mest på Bergen Travpark og her heime på Forus, seier kusken.

Les meir i papirutgåva.