Johnny Wannberg ser fram til at det blir lagt røyr i sjøen frå Førre til Dragavika. Går alt etter planen kan dette koplat saman før neste sommar.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Johnny Wannberg ser fram til at det blir lagt røyr i sjøen frå Førre til Dragavika. Går alt etter planen kan dette koplat saman før neste sommar.

Dårleg vasstrykk: – Tenk på andre

Tysvær kommune har gått ut med eit vatningsforbod. Ikkje på grunn av vassmangel, men fordi det nye røyrsystemet ikkje er klart.

Det er sol og varmt, men det er ikkje låg vasstand i vasskjeldene, som gjer at Tysvær kommune har annonsert vatningsforbod.
– Nei, vatn er det nok av og Haugesund som me får vatn av kan levere så mykje me ønskjer. Dessverre skuldast dette at me ikkje er ferdige med vassleidningen frå Førre til Dragavika. I desse dagar skal den jobben lysast ut på anbod og me reknar med at dette strekket kan takast i bruk neste sommar. Fram til då vil me ha periodar kor det er svært lågt trykk hos dei som bur litt høgt. Difor oppfordrar me folk til å tenkje litt på kvarandre og ikkje kjøre på med vatning og større vassprosjekt nå, seier Johnny Wannberg.

Les heile saka i papirutgåva