Okersol er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Okersol er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ventetida er snart over

Det har vore stille rundt Okersol. Men nå slepp dei ny singel og skal ha konsert på Høvleriet.

Ut av øvingslokala i Nedstrand kjem det umiskjennelege godlåtar frå bandet som har oppnådd både kritikarros og publikumssuksess med sine første album.
– Me er i gang med noko som fort kan bli eit album til. Me har ein fire-fem songar som er «ferdige», men vel å sleppe berre ein nå. «Heile dagen» kjem 6. juni og då er me i gang igjen, smiler Anita Helgeland Wannberg.
Det var stemma hennar og sounden til bandet som smaug seg inn i øyra våre og som mange har venta på skulle komme tilbake. Men andre jobbar og litt sjukdom har gjort at ting har tatt tid.
– Er det eit nytt Okersol?
– Nei, det er det ikkje. Me er den same gjengen og me jobbar på same måten. Det dukkar opp forslag til songar og eg har tekstforslag og kanskje ein idé, så jobbar me saman fram til nye låtar. Det har fungert til nå og me er spent på mottakinga av den nye songen, seier Wannberg.

Les meir om Okersol i papirutgåva.