Thea Askvik Bjørnsen skåra mot Haugar og jubla for ein flott dag på Kårstø cup. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thea Askvik Bjørnsen skåra mot Haugar og jubla for ein flott dag på Kårstø cup. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Jubel i solskinnet på Kårstø cup

Thea Askvig Bjørnsen var ein av omlag 900 spelarar som i heile dag har kost seg på Troppene på Kårstø cup.

Tysvær Bygdeblad var på besøk den siste halvdelen av festdagen og fekk sjå både små og store i aksjon. Som vanleg likaloppgje mellom Stegaberg og Skjold. Ivrige gutar og jenter frå både Falkeid og Førland. Og kjekkast av alt, to lag fra Nedstrand.
– Me har hatt ein kjempefin dag så langt. Nå skal me spele fleire kampar, gliste jentene frå Nedstrand etter at dei snudde 0-3 til 4-3-siger mot Haugar.
87 lag og omlag 100 friviljuge var ramma rundt årets Kårstø cup, som tradisjonen tru var i strålande solskin.
– Det som imponerar mest i år er alle publikummerane som er her. Det er ny rekord, garantert. For oss har det vore ein flott dag og me håper at folk har hatt det kjekt i saman med oss i Falkeid IL, seier Narve Susort.

Mykje meir om Kårstø cup kjem i papiravisa på torsdag.