Se etter naboen... 123 nye bilder fra Hårfagrerittet: https://tysver-bygdeblad.no/2014/06/09/harfagrerittet-del-2/
Eirik Hjort Minde skåra på keeper Nils Ove Notland og utlikna til 1-1. Men meir blei det ikkje. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Noko er forferdeleg galt med «Stega»

Etter ein svært lovande periode har Stegaberg stoppa fullstendig opp. Mot Sveio blei det berre eit poeng etter ein svak omgang og fleire brente 100 prosentsjansar. 1-1 var ikkje godt nok.

– Skal me halde kontakt med topplaga må me ha meir poeng enn det me sanke nå om dagen. I dag var det på ny ein dårleg omgang kor dei fekk trille ball og skåre eit mål. Heldigvis blei det betre etter pause, utan at det var nok, sukkar trenar Thormod Ness.
Eirik Hjort Minde skåra heimelaget sitt mål frå straffemerket etter at Sigbjørn Tysvær hadde kjempa seg til ein straffe.
– Eg har ikkje brent ein straffe på lenge så eg tenkte ikkje så mykje der eg sto. Men noko god straffe var det ikkje og det var godt å sjå den i mål. Nå reiser eg heim på sommarferie og får ikkje med meg verken Sauda- eller Skjold-kampen, seier Minde.
Dårleg
Sveio fekk lett match i førsteomgang. Dei fekk trille ball akkurat så mykje dei ville og Stegaberg hadde ikkje press verken forover eller bakover på banen. Dermed var det ikkje ufortent at Karl Petter Enerstvedt sende dei i leiinga etter snaue 40 minuttar.
Stegaberg blei redda av ein straffe på overtid, etter at Sigbjørn Tysvær ikkje gav opp ein returball etter eit hjørnespark
I andre omgang blei det mykje meir Stegaberg. Thormod Ness kom inn og Vegard Stakland kom lengre fram i banen. Det var ein suksess, Ness bør bite seg merke i. Petter Lønning og nemte Minde hadde begge sine store sjansar til å skåre både eit og to mål til. Men noko er alvorleg galt med laget til Ness. Dei rotar bakover og får ikkje mål framover.
I dag mangla målgarantist Dag Frode Tønnesen og mot Sauda om tre dagar er også Petter Lønning vekke.
Det er ikkje kjekt i blått om dagen.

Faktaboks

Stegaberg 1 (1)
Sveio 1 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
0-1 Karl P. Enerstvedt (39)
1-1 Eirik H. Minde (str.45)
Dommar: Sjur-Jarle Hauge, Djerv 1919
Tilskodarar: 100