Leiar i kunstlaget Bente Vesterøy (t.h.) var svært godt nøgd med å presentere Trygve Åsheim som årets utstillar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Leiar i kunstlaget Bente Vesterøy (t.h.) var svært godt nøgd med å presentere Trygve Åsheim som årets utstillar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Opna Midtsommarfesten

Opninga av kunstutstillinga til Grinde-kunstnaren Trygve Åsheim markerte at Midtsommarfesten 2014 er i gang. Mange hadde møtt fram for å helse på kunstnaren.

Dans ved Hedda Friis Jørgensen og Dina Lande, opningstale ved varaordførar kristine Aurdal og ei formell opninga av utstillinga av Bente Vesterøy var starten på årets fest som varar heilt til den 28. juni.
– Eg håper ein får mange gode opplevingar i desse veken, sa mellom anna Aurdal i si tale.
– Eg er glad me har fått tak i ein ung lokal kunsnar til å vere årets utstillar her på Tysværtunet. Ta ein god kikk og spør han gjerne om ein lurar på korleis desse flotte bilete er blitt til, sa Vesterøy.
Hovudpersonen sjølv var godt nøgd med utstillinga.
– Flott lys her og det framhevar bileta mine. Kjekt at så mange kom. Var redd det berre var dei aller næraste som ville dukke opp, men dette var jo strålande, smilte Trygve Åsheim.

Utstillinga heng oppe under heile Midtsommarfesten.