Andrew  og Ann-Elin er far og dotter. Dei to møttest til kamp på fredag. – Surt å tape mot dottera mi ja, spøker Andrew. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Andrew og Ann-Elin er far og dotter. Dei to møttest til kamp på fredag. – Surt å tape mot dottera mi ja, spøker Andrew. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Godt grep på publikum

Vepro stilte med 40 mann og UNi-K med 60. Det var liv og engasjement både på og utanfor banen, då Vepro vann 3-1 i kampoppgjøret på fredag.

Av Mona Terjesen

Dei møttest til dyst fredag ettermiddag på kunstgraset på Frakkagjerd. Både Vepro og UNi-K stilte med mildt sagt godt bemanna lag, og var i skikkeleg kampmodus. Begge laga hadde mange sjansar, men det var Vepro med målskårarane Anvar og Trond Kenneth som til slutt gjekk sigrande ut av oppgjøret.

Far og dotter
– Det var veldig kjekt å spele kamp. No håper eg at Spania gjer det like godt i VM som me gjorde her i dag, seier Vepro-spelar Gunnar Berge glad og nøgd etter kampen. Sjølvsagt ikledd nettopp ei Spania-skjorte.
– Me er kjempefornøgde med resultatet. Me trena nokre gonger i forkant, men eg hadde ikkje moglegheit til å vere med fordi eg jobba, så dette var første gongen min på banen med dette laget – på eitt år, fortel Ann-Elin Mikkelsen.
Ho møtte faren sin Andrew Wiik til kamp på fredag. Han spelte for UNi-K.
– Dette var veldig kjekt. Eg tenkte ikkje så mykje på at det var dottera mi eg spelte mot, men sjølvsagt surt å tape for henne, seier Andrew lattermildt.
– Og ekstra herlig for meg å ikkje berre vinne kampen, men også slå pappa, kommenterer Ann-Elin smilande.
Også Vepro-sjefen sjølv Nils Stråtveit var både glad og imponert etter sigeren på Frakkagjerd.
– Eg ante ikkje at dei var så gode til å spele fotball. Dette var veldig gøy å sjå på – rett og slett. Eg er både stolt og glad no, nikkar han.
Då den fysiske biten var overstått, stod det grillmat på menyen. Grillane hadde godgjort seg under kampen, og maten låg allereie klar då spelarane strøymde på.
– No blir det godt med mat, nikka Gunnar idet han stilte seg i matkøen.

Les meir om kampen i papirutgåva.