– Dei har tatt seg inn gjennom eit lite vindauge på baksida av huset, forklarar ekteparet då me treff dei ved hytta i ettermiddag.
Det er andre gongen nokon tar seg inn i bustaden i år. Førre gong var i mars, då «flytta» ein ung mann inn. Han hadde tatt seg til rette med å fyre i peisen, sove i sengene og nytta seg av det som er i hytta. Denne gongen ser det ikkje ut til at nokon har sove over, men mykje bruksting er stole.
– Eg kom hit på måndag og merka raskt at noko var galt. Ei jakke låg slengt på trappa opp til eigedomen og ei matte låg på utsida. Dei som har tatt seg inn vindauget, har stole med seg ting som sengklede, handklede og gryter. Bruksting rett og slett, fortel Berit.
Ravndal har registrert ein «kassebil» i gata ved fleire høve siste tida. Bilen har kjørt sakte og stoppa i vegkrysset til E39. Personar har sitte i bilen og stått på utsida av han og kikka. Dette minner om opplysningar gitt i samband med innbrotsbølga som har vore på byggefelta i distriktet siste tida.
– Me kan ikkje avskrive at det er ein samanheng her. Om nokon har sett eller høyrt noko så ønskjer me tips, seier lensmann Racin Tjøsvoll.
– Det er utruleg ubehageleg å tenke på at framande har vore inne i hytta vår og brukt av våre ting. Det er både frekt at dei tar seg til rette slik, og det er skremmande, seier ekteparet Ravndal som til dagleg bur på Ålgård.
– Eg har reist inn hit ein del aleine, men no kjem eg ikkje til å våge. Det er utruleg trist, for denne eigedomen har vore i familien min i mange, mange år, og han betyr mykje for oss, sukker Berit.