Klatreparken var svært populær under 4H-leiren på Nedstrand.  Berre spør Emil Telestø. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Klatreparken var svært populær under 4H-leiren på Nedstrand. Berre spør Emil Telestø. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

4H-arar både høgt og lågt

150 ungdommar frå heile Rogaland er samla til 4H-leir på Tveit. Og aktivitetar skjer både høgt i skogen og på vatnet.

– Dette har vore heilt fantastisk moro. Me skal klatre og prøve alt som går ann her i klatreparken. I tillegg har me sove i telt, noko som var skikkeleg kjekt i det fine vêret. Sundag skal me spele voleyballkampar, så det er mykje å finne på, seier Torbjørn Imsland Moe, Vebjørn Skipevåg og Torjus Imsland.
Klatreparken var naturlegvis eit av høgdepunkta for dei som for første gong besøkte den vidaregåande skulen.
– Det har vore utruleg hektisk her i dag, men kjekt. For oss var det heilt naturleg å seie ja til å vere ein del av 4H-leiren, seier dagleg leiar Tina Haddeland.
Nye vener
Leiren handlar om mykje meir enn klatring og segling. Det handlar også om venskap.
– Eg har vore med og laga mat og det har vore både godt og kjekt. I tillegg har eg allereie fått meg nye vener her. Å vere på leir er spanande, seier Mari Austevoll Erland frå Tysvær.
Margit Vea var ansvarleg for matlaginga utomhus.
Leiren avsluttast med fleire konkurransar, sundag.

Bilder frå leiren: https://tysver-bygdeblad.no/2014/06/21/4h-fylkesleir-2014/