Slik såg det ut etter at 15 meter av den nye muren langs NEdstrand stadion hadde rast ut. Nå er grunnforholda fiksa og muren på veg opp att. Foto: Birgith Bustad Lilleskog
Slik såg det ut etter at 15 meter av den nye muren langs NEdstrand stadion hadde rast ut. Nå er grunnforholda fiksa og muren på veg opp att. Foto: Birgith Bustad Lilleskog

Sjokk: – Me var langt nede

Dugnadsgjengen på nye Nedstrand stadion har stått på dag og natt for å bli ferdig til morgendagen sykkelritt. I går raste deler av muren ut på det nye sportsdekket.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. Me er litt i sjokk, men har hedligvis funne ut kva som var gjort feil, og har starta oppbygginga igjen. Men etter alt arbeidet me har lagt ned her, trengte med ein timout i går ettermiddag, seier leiar i Nedstrand IL Birgith Bustad Lilleskog.
Det var like etter klokka 15.00 fredag at deler av den fem meter høge muren rasa ut. Det var under ferdigstillinga av arbeidet at ein merka at noko var frykteleg galt.
– Det me veit er at den siste delen av muren hadde ein anna støtte enn resten. Det gjer at me er trygge på at det berre er denne delen som var ein fare. Nå har me både borra opp og skifta ut all massen, slik at dette blir heilt likt resten av muren. I tillegg har me også lagt Geo-nett, noko som ikkje er eit krav, men som me nå legg som ein ekstra sikring, fortel Bustad Lilleskog.
– Kva var det som eigentleg skjedde?
– Det var mykje folk her og jobba dugnad då dei merka at massen begynte å sige ut. Etter kvart såg dei også at ein del av dei 800 kilo tunge blokkene begynte å røre på seg. Dei fekk vekk alle som var i nærleiken og frå dei første teikna til muren låg i ei røys, gjekk det mellom 20 minuttar og ein halvtime. Så det var ingen fare for liv og helse, seier Bustad Lilleskog.
– Kva skjedde så?
– Som sagt var dette etter dager med dugnad kor mange har stilt opp time etter time. Å sjå på at muren låg i ein haug var forferdeleg. Me måtte som sagt ha oss ein timeout. Heldigvis fekk me eksperthjelp og fann feilen. Det gjorde at me kunne starte opp att. Folk kom me kaffi og kaker, smørbrød og nattmat. Dei ivrigaste har faktisk jobba her i natt. Dette viser at denne banen betyr mykje for oss. Å få eit slik slag kvelden før det store rittet, gjer vondt.
Blir ritt
Start og mål på morgondagens Nedstrand BikeBrothersrittet går som planlagt og har start og mål inne på stadion.
– Me skal sykle forbi rasstaden eit par gonger og er sikre på at muren er sjekka og sikker i morgon. 220 syklistar er meldt på og det blir garantert ein stor folkefest her på Nedstrand. Eg er imponert over kor mange som nå står på døgnet rundt for at dette skal bli ein sykkelfest, seier Dag Tormod Milje.