Politiet jaktar MC

Fleire har ringt inn tips om at politiet jaktar ein motorsykkel på Frakkagjerd. Det me veit er at ei patrulje tok opp jakta ved Toskatjørn og at dei begge for kort tid sidan rasa nedover Frakkagjerdvegen.

Etter ein runde på Frakkagjerd kunne ein på nytt høyre sirene på E134.
Politiet ber folk vere varsame når dei ser blålysa, eller motorsykkelen.
Tips kan som vanleg ringast politiet på 02800.