Å hoppe etter Harald

Ola S. Apeland er ønska som Harald Stakkestad sin arvtakar. Det kunne me lese i førre utgåve av Tysvær Bygdeblad.

Apeland er ein mann med lengre fartstid innan politikken enn dei fleste i kommunen. Han er kunnskapsrik, dyktig og driven. Men er han god nok til å bli ordførar? Og kven er eigentleg «god» nok til å overta klubba etter Stakkestad? For kva handlar det eigentleg om? Kunnskap? Erfaring? Emna til å argumentere og debattere? I så fall er Apeland ein meir enn god nok kandidat. Men kva med personlegdomen? Kor mykje tel den? For kva er det som gjer at nokre ordførarar sitt i periode etter periode, sankar stemmer og slengarar val etter val – også av veljarar som stemmer på andre parti? Kva er det med politikarar som Harald Stakkestad, Sigve Sørheim og Petter Steen jr. som gjer dei så utruleg populære? At dei får sitte i fleire periodar. Er dei berre dyktige, eller er det noko meir? Trass i at også dei, som mange før dei, har måtta tåle og takle mykje som ordførarar, forblir dei ønska av innbyggarane i kommunane sine.

Det har sjølvsagt med personane å gjere. «Politikk er ingen vitenskap, men en kunst», sa Otto von Bismarck. Ein treng ein «kunstnar» i front, ein som skil seg ut, ein som folk stoler på, ein som er klår og «likanes». Alt dette er Harald Stakkestad, og derfor har folk ønskja han så lenge også. Så korleis blir det å «hoppe» etter Stakkestad? Vil Apeland klare det – vil han lande på beina? Finst det andre politikarar i Tysvær som er enda meir eigna ordførarkandidatar enn Apeland? Sigmund Lier i Ap? Torunn Vestbø Gjerde i Venstre? Tone Kringeland i SP? Kristine Aurdal i KrF? Karsten Larsen i FrP? No veit me rett nok ikkje om desse kjem på toppen av listene til sine parti ved valet til neste år. Det kjem kanskje nye til, nokre gir seg kanskje naturleg. Men er det i såfall realistisk at det skal komme seglande ein erfaren og god kandidat blant dei «nye»? Nei.

Vinn Høgre valet så blir Ola S. Apeland Tysvær kommune sin nye ordførar. Kjem opposisjonen i posisjon så blir det Sigmund Lier. Alt anna er usannsynleg. Så tilbake til spørsmålet; korleis blir det å hoppe etter Harald? Det blir vanskeleg. Veldig vanskeleg. Men Apeland vil klare det. Det vil berre ta tid. Så må ein innsjå at politikarar er like ulike som vanlege menneske. Ein må tenke på kven som vil gjere det beste for kommunen ein bur i. Kanskje til og med sette eigen partitilhøyrskap til side. Det er ikkje lenge til programma kjem og valflesket byrjar. Då må ein lese, sette seg inn i og vere kritisk; kven ønskjer eg skal vere «sjef» for min kommune. Kven vil meg best…

Mona Terjesen

Konst. redaktør