Av Mona Terjesen
Vektløftarklubben veks og veks. No har dei bikka 350 medlemmar og utvidar tilbodet sitt med ein ny crossfitvegg. Lokala deira byrjar å bli for små. Zekiye Nyland, som skal stå for crossfiten håper at kommunen kjem på banen.
– Me treng nye, større lokale. Tysvær er i sterk vekst, det bur snart 11.000 innbyggarar her, dei forten eit like godt treningstilbod som i Haugesund. Ein skulle ikkje måtte kjøre til byen for å få trena skikkeleg. Me bør ha plass til å gi innbyggarane i Tysvær eit bredt og godt tilbod, seier ho.
Vektløftarklubben har sett auga sine på underetasjen i Tysværtunet. Der står store lokale tomme.
– Det var meininga at det skulle bli skyttarbane i desse lokala. Men åra har gått, utan at det har skjedd noko. Me er heilt klart glade for at Vektløftarklubben driv så godt som dei gjer no, og at dei stadig får nye medlemmar. Me ser også at dei vil trenge større lokale, om dei fortsett å vekse. Me er positive til å fortsette den gode dialogen me har med dei, og sjå på mogelegheitene i kjellaretasjen. Men det er klart at mykje må avklarast før dette kan bli noko av. Bruken må ein først finne utav, om det ikkje blir noko skyttarbane, og ein er avhengig av midlar utover budsjettet. Slike ting tar uansett alltid tid, det er snakk om ein lang prosess. Men me er positive, kommenterer Geir Stakkestad, idrettskonsulent i kommunen.
Les mer i papirutgaven…