Malin Sørensen og Lotte Hamre var til stades under Yrkesmessa på tysdag. Dei to venninnene planlegg å bli førskulelærarar.
Malin Sørensen og Lotte Hamre var til stades under Yrkesmessa på tysdag. Dei to venninnene planlegg å bli førskulelærarar.

Noreg langs på sykkel

24 år gamle Silje Maria Selvåg frå Tysvær hadde lenge drøymt om å sykle Noreg på langs. No har ho gjort det.

Av Mona Terjesen

Det var Silje Maria og studievenninna Mari Sørum Stana som delte draum og kasta seg på syklane i sommar.

– Hausten i fjor, var me saman på ein fjelltur i Rondane. Då snakka med mykje om vår felles draum om å sykle landet på langs. Me bestemte oss for å ikkje la det bli med praten, men faktisk gjere alvor utav det. Me byrja då så vidt å planlegge turen, med tanke på utstyr, rute, tidspunkt osv, fortel 24-åringen.

13. juni flaug dei to jentene frå Gardermoen til Honningsvåg. Syklane hadde dei med – nedpakka i esker.

– Me valte å sykle vestkysten. Frå Nordkapp gjekk ruta til Honningsvåg, Hurtigruta til Havøysund, så vidare til Sennalandet, Lofoten og Vesterålen, Helgelandskysten, og vestlandskysten. For å unngå europavegane med mykje trafikk, gjekk etappane våre rundt – og over nydelege fjell, gjennom djupe dalar, fjordvike og bittesmå bygder, seier Silje Maria.

Les meir i papirutgåva