For ein sommar

Me er i ferd med å legge bak oss ein av dei mest fantastiske somrane nokon gong. Varmerekordar, folk som badar og smilande ansikt nesten overalt. Heilt fortent, etter fleire magre år.

Likevel er det berre nesten, for det har vore ein sommar med ein god del frustrasjon. Stikkord er vatn og innbrott.
For det har vore ein sommar kor me har blitt testa om me etterkjem pålegg frå kommunen. Om å ikkje bruke vatn. Eit kjedeleg forbod når ungane skrik etter vatn i vasspreiarar og minibasseng. Eller når hagane, finare enn nokon gong, gjerne skulle hatt vatn kvar einaste kveld.
Kor mange som har sendt oss meldingar eller e-post med frustrasjon over vatningsforbodet har me mista litt kontroll over. Det er mange, men det har roa seg litt. For det er tydeleg at Tysvær kommune ikkje fekk godt nok fram kvifor dei gjekk ut med forbodet, allereie før ferien og varmen slo til.
Det handlar om kapasitet og det handlar om trykk i springen. Respekt for at andre også skal få vatn med andre ord. Slikt frustrerer i sommarvarmen.
Likevel blir denne frustrasjonen småtteri i forhold til den frustrasjonen som nå er angåande alle innbrotta i Tysvær. Helg etter helg kjem det inn meldingar om hus som har hatt ubodne gjester. Politiet leitar, men finn ikkje spor. Dei finn heller ikkje det som er stole. Dei har sine teoriar, men er nå heilt avhengig av at nokon har observasjonar som kan hjelpe dei.
Førre, Frakkagjerd og ikkje minst Garhaug har vore mest utsett til nå. Ein ting er den forferdelege kjensla av å komme heim til huset sitt og merke at nokon har vore der. Men, minst like ille er den uroa som nå er i bustadfelta, mistenkeleggjeringa og angsten. Stille og fredelege ytre Tysvær er i ferd med å bli ein fristad for kriminelle både seint og tidleg.
Omfanget av desse innbrotta er nå så stort at ein er nøydt til å kunne forlange at politiet har dette høgt på prioriteringslistene sine. Fleire patruljer, meir etterforsking og kontrollar. Dette står fram så organisert at ein er nøydt til å tenkje nytt og stort. Når ein ikkje finn ein einaste gjenstand så treng ein ikkje ha politihøgskulen for å skjøne at tjuvgodset er sendt ut av landet. Det er ute av Tysvær før folk har komme heim. Me kan ikkje finne oss i det, slik er det berre.
Så nå må ein tipse politiet, ringe når ein ser noko mistenkeleg. Så får ein heller finne seg i at politiet dukkar opp når ein er ute og luftar hunden midt på natta, fordi ein ikkje fekk sove i sommarvarmen.
For tidenes sommar har hatt ein bismak for alt for mange tysværbuar. I staden for å slappe heilt av og samle krefter til ein lang haust og vinter, er det alt for mange av oss som nå er i jamleg kontakt med forsikringsselskapa.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør