Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.

Kor bra er eigentleg Tysvær kommune?

Når ein kommune i ei måling er nesten dårlegast av alle og i den neste nesten best. Kva skal ein då tru?

Ordførar Harald Stakkestad er tilbake på jobb etter ein fortent sommarferie. Men han har fått resultat frå to undersøkingar servert denne sommaren. Den eine, trist, den andre svært så oppmuntrande. Spørsmålet er kva kommunen kan bruke desse undersøkingane til.
– Det som er heilt klart er at me tar alle slike undersøkingar på alvor. Både dei som er negative og dei som er positive. Me må også prøve å finne ut kvifor det sprikar slik. Målet vårt meiner me er realistisk, og det betyr betre enn snittet i landet både når det gjeld tenester frå kommunen og det å bu i kommunen. At me, som mange andre kommunar har ein veg å gå, det skjønar dei fleste, seier Stakkestad.
Undring
– Å få meldingar om at tenestetilbod som me meiner fungerar bra (les: barnehagetilbod) blir trekt fram som eit av områda kor me gjer det dårlegast, gjer at me også må gå grundigare inn på korleis desse tala har komme fram. Eg vil be i formannskapet om at ein ser nærare på dette. Sist undersøking var me svært dårlege på det å få kontakt med oss og det å få ut informasjon. Då kravde me politisk at ein umiddelbart tok tak i dette, noko som blei gjort. Har ikkje høyrt så mykje klager etter det, så eg reknar med at det er blitt betre. Det å være løysningsorienterte er svært viktig for oss, seier ordføraren.

Les heile saken i papiravisa.