Ny god dag fro Johan Kringeland Eriksen på Klosterskogen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Johan Kringeland Eriksen kjører på Sørlandet i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Set seg på skulebenken

Johan Kringeland Eriksen har det siste året vist godt igjen på norske travbanar. Nå vil han bli endå betre.

Då me snakka med 19-åringen frå Grinde tidlegare i sommar var det lange og travle dagar både på jobb i stallen hos Kåre Refsland og på travbanen. Nå blir det skulekvardag på Gjøvik for den talentfulle kusken.
– Det stemmer. Eg er på veg til Gjøvik og Stavrum for å gå på eit eittårig studium som travtrenar. Så då blir det vel mykje Biri på meg framover. Det ser eg fram til, seier Kringeland Eriksen.
– Eit steg framover som trenar eller kusk?
– Begge deler. Skal ein drive som trenar må ein ha ei utdanning i botn. Samstundes vil dette vere ein god mulegheit til å utvikle meg vidare som kusk.
– Vanskeleg studium?
– Vel, vil vel ikkje bruke det ordet. Spanande og interessant er vel meir dekkande, smiler grindebuen.

Les heile saka i papirutgåva.