Tom André Hauge skal spele fem seriekampar for Stegaberg i haust. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Tom André Hauge skal spele fem seriekampar for Stegaberg i haust. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Hauge vikarierar i Stegaberg

Tom André Hauge skal i år vikare i Stegaberg. Mot Nord, onsdag skåra han det eine målet då Stegaberg vann 3-2.

– Tom André skal spele fem seriekampar for oss før han reiser tilbake til England og studier. Han blir ein fin forsterking på laget. Han er eigentleg frå Stegaberg-land så veldig rart er det ikkje at han kjem til oss og ikkje til Skjold kor han har vikariert tidlegare, seier trenar Thormod Ness.
Dag Frode Tønnesen sendte Stegaberg i leiinga mot Nord etter ti sekundar, før Hauge og Kristoffer Kydland slapp til og skåra dei to andre.